- RYDD OPP ETTER DEG: Var du blant dei som skaut opp fyrverkeri for å ringa inn det nye året? Då har kommunen ein klar beskjed til deg, nemleg å rydda opp att.
- RYDD OPP ETTER DEG: Var du blant dei som skaut opp fyrverkeri for å ringa inn det nye året? Då har kommunen ein klar beskjed til deg, nemleg å rydda opp att. (Illustrasjonsfoto: Wikipedia Commons)

Kommunen ber folk rydda opp fyrverkerirestane: –  Ungar kan koma til skade

Som folk flest, skaut mange årdøler opp fyrverkeri for å ringa inn det nye året nyttårsaftan.

Årdal: Denne veka gjekk Årdal kommune ut og gav folk beskjed om å rydda opp etter festlegheitene. 

Dette kjem etter at det 1. nyttårsdag vart funne udetonert fyrverkeri liggande att ute. Fyrverkeriet vart levert inn til politiet.   

Farleg for ungar

Svein Ove Åmås, seksjonsleiar for tekniske tenester og leiar i Årdal tenk tryggleik, fortel at han observerte nokre fyrverkerirestar ligge rundt omkring i gatene 1. nyttårsdag, men seier at han synst dei fleste har vore flinke å rydda etter seg. 

Likevel ber han folk som skaut opp fyrverkeri, om å ta ein runde og dobbeltsjekke at det ikkje ligg att nokre restar. Han er redd for at ungar skal koma over udetonert fyrverkeri og skade seg sjølve. 

– Eg er meir redd for at ungar skal byrja å leika med det dei finn ute. Dei har ikkje kontroll på slike ting, det kan forekoma augeskader. 

Han opplyser at udetonert fyrverkeri skal leverast attende til forhandlar. Dersom folk har fyrverkeri til overs som er kjøpt andre stader, kan dei ta kontakt med politiet for hjelp.

Til toppen