Sogndal: I lengre tid har ei gruppe rumenarar hatt base i parkeringskjellaren under Sogndal kulturhus. Dei er ikkje skulda for å brote noko lov, men kommunen meiner det både er uhygienisk for dei sjølve og til sjenanse for andre at dei bur der.
– Nyleg har det vore nyrekruttering til denne bruken, og det er særs uheldig, seier rådmann Jostein Aanestad i Sogndal kommune, som no ber politiet ta grep.
Politiet ventar på grønt lys frå kommunen
Kommunen har til no, og i samråd med politiet, freista å bruka det dei kallar mjuke verkemiddel for å få dei til å flytta seg. Siste varsel vart gjeve i form av eit skriv som vart levert både personleg og festa på bilane.
– Det har ikkje hatt den ønska effekten. No vil me be politiet sørga for at området blir rydda for denne ulovlege bruken, seier rådmannen.
Politiet i Sogndal seier dei enno ikkje har bedt rumenarane om å reisa. Dei ventar på tilbakemelding frå kommunen om at dei siste oppmodingane ikkje har ført fram.
– Det er eit initiativ me har vore lite villige til å ta sjølve. Det må vera fordi kommunen ikkje ønskjer at dei skal vera der lenger, seier regionlensmann Inger Lill Lanes.
– Innanfor politilova
Tysdag ettermiddag var det ikkje teikn til rumenarane då Porten.no var der for å høyra kva dei tykkjer om utkastingsvedtaket.
– Kva er det som gjer det ulovleg for dei å opphalda seg der?
– Dei har fått lov til å bu der i mange månader og fått vera i fred no når det har vore kaldt. Men når folk blir forstyrra og redde for å gå ned i kulturhuskjellaren, så er det innafor politilova å be dei fjerna seg, seier Lanes.