IKKJE LOV: På grunn av endringar i regelverket får ikkje Årdal kommune lenger lov til å deponere slam frå kloakkrenseanlegga på Dalsurdi avfallsplass. Foto: Truls G. Sylvarnes
IKKJE LOV: På grunn av endringar i regelverket får ikkje Årdal kommune lenger lov til å deponere slam frå kloakkrenseanlegga på Dalsurdi avfallsplass. Foto: Truls G. Sylvarnes

Kommunen får ikkje lenger lov til å deponere slam her

Prisauken er det innbyggjarane som må ta.

Årdal: På grunn av endringar i regelverket får ikkje Årdal kommune lenger lov til å deponere slam frå kloakkrenseanlegga på Dalsurdi avfallsplass. 

I fjor vart 260 tonn med slam transportert og deponert her, slik det har blitt gjort i fleire år, men no er det slutt på det. Årsaka er at Dalsurdi er ein avfallsplass for «reine avfall», og sidan slam ikkje er definert som reint avfall, må kommunen finne ei ny løysing.

– Difor har me inngått ein avtale med Sunde Resirk om transport av dette til anten Festingsdalen i Sogndal eller til forbrenning i Oslo. Me kunne ha brent det sjølv, men har ikkje avfallssilo til å ta imot slammet, fortel Arne Kjos, som er seksjonsleiar for VAR i Årdal kommune. 

300.000 i meirkostnad

Dette inneberer ein meirkostnad på 250-300.000 kroner. Sidan dette er eit sjølvfinansierande teneste, er det abonnentane i kommunen som må betale.

– Det blir ein liten ekstra-kostnad. Me har kostnader på fleire millionar elles, så dette blir berre ein liten auke, og folk vil ikkje merka det dei første åra, seier Kjos.

Alternativet til løysinga er at kommunen vert straffa med tvangsmulkt, eller bøter, på 50.000 kroner. Det varsla Fylkesmannen i brev til kommunen 7. februar, der dei også seier dei ikkje kan gi dispensasjon til å halde fram med deponeringa. I mellomtida har løysinga over kome på plass.

– Forbod mot deponering av organisk avfall

– Når Fylkesmannen varslar om tvangsmulkt, er det ikkje noko dramatisk i det, men eit grep me brukar når det dreg ut i tid med tilbakemelding på løysing, forklarar Dagny Karin Alvik, som er senioringeniør og sakshandsamar hjå Fylkesmannen.

– Kvifor kan de ikkje gi dispensasjon?

– Fordi det er forbod mot å deponera organisk nedbrytbart avfall, som det er høgt innhald av i slik slam, svarar ho.

Jobbar med ny og billigare løysing

Årdal kommune har alltid hatt konsesjon til å køyra slammet til Dalsurdi, og det var etter eit tilsyn i fjor at kravet om å avslutta deponeringa kom på grunn av endringar i regelverket. 

– No har me ei mellombels løysing på plass, og så jobbar me vidare med å driva med rankekompostering. Det vil seie at me legg det i ein haug, og då reagerer det slik at det ikkje blir lukt og bakteriar igjen, og då kan me bruka det på Dalsurdi når det skal dekkast med jord. Det vil vera ei mykje enklare og billigare løysing enn å køyra det ut av bygda, fortel Kjos.

– Er slammet farleg?

– Nei, det er det ikkje. Det kan vera litt lukt akkurat til å byrja med, og det er vanleg frå kloakken at ein har bakteriar, men det er ikkje forskjell på det og det dyr elles gjer frå seg i naturen.

Til toppen