Kommunen fekk medhald av fylkesmannen om å ikkje gi innsyn

– For Lærdal kommune er det godt å få stadfesta frå fylkesmannen at vår praksis på dette området er innafor dei rammer offentleglova set, seier rådmann i Lærdal, Alf Olsen jr. 

Lærdal: Arne Sanden i Lærdal ba om innsyn og kravde å få dokument sendt over i excel-format. Kommunen gav innsyn, men gav avslag på oversendinga i excel-format. Det var noko Sanden klaga på. 

Klaga er no handsama av fylkesmannen, der Lærdal kommune får medhald i tolkinga av offentleglova. 

_______

Som du kanskje hugsar bad Arne Sanden om innsyn og kravde å få dokument oversendt i excel-format. Kommunen gav innsyn i det det vart spurd om, men gav avslag på oversending i excel-format. Sanden klagde på dette

Vårt brev til fylkesmannen og grunngjevinga for vårt avslag er lagt ved.

Klaga er no handsama av fylkesmannen. Vedlagt er brev frå fylkesmannen som gjev Lærdal kommune medhald i si tolking offentleglova på dette punktet.

Som ein kuriositet kan eg nemne at i framkant av dette ber innsynskrevjar om innsyn i kva som er registrert av førespurnader og innsynskrav frå han, jfr vedlagde mail.

For Lærdal kommune er det godt å få stadfesta frå fylkesmannen at vår praksis på dette området er innafor dei rammer offentleglova set.

___

Offentleglova er  viktig for då den skal gi innbyggarane innsyn i maktapparatet.

________

Saka: Arne Sanden, 

Fylkesmannen gav kommunen medhald om å ikkje gi innsyn

 

 

Les også: Rådmann: – Opplever det som mobbande og trakasserande

http://www.porten.no/artikler/nyhende/radmann-opplever-som-mobbande-trakasserande

Til toppen