MOTTOK VARSEL: Jarle Aarvoll er no inhabil i handsaminga av barnevernssaka, etter at han òg har fått eit varsel mot seg.
MOTTOK VARSEL: Jarle Aarvoll er no inhabil i handsaminga av barnevernssaka, etter at han òg har fått eit varsel mot seg. (Foto: Halvor Farsund Storvik)

Kommunen har motteke anonymt varsel mot ordføraren

Difor er han ikkje lenger habil i handteringa av dei tidlegare konfliktane i Sogn barnvern, slår setterådmannen fast.

Sogndal: I formannskapet torsdag informerte ordførar Jarle Aarvoll om at det har kome eit anonymt varsel mot han.

– Eg er informert om at varselet er knytt til mi avgjerd om kven som i fjor haust fekk innsyn i rapporten frå Arbeidsmiljøspesialistane. Varslingssekretariatet har ikkje teke stilling til om varselet er å sjå på som varsel etter arbeidsmiljølova, skriv han i brevet.

Me har kontakta Jarle Aarvoll, som har sendt oss teksten han las opp i formannskapet på e-post. Utover det viser han til varaordførar Laura Kvamme, som no er kommunen sin kontaktperson i barnevernssaka.

– Me har ein setterådmann som tek seg av alle varslingssaker og me har eit eksternt varslingssekertariat. Det er dei som jobbar med denne saka, seier Kvamme til Porten.no, men vil ikkje utdjupa kva varselet går ut på.

Les òg: Setterådmannen lover openheit om varslingssakene i barnevernet

Ordføraren blir inhabil

I uttalen opplyser ordføraren at han vil svara ope og ærleg om si handtering av rapporten, men vil ikkje uttala seg til media i saka før varslingssekretariatet har gjort  jobben sin.

Ein direkte konsekvens av varselet er at ordføraren har blitt inhabil i handteringa av varslingssakene som omhandlar Sogn barnevern. Difor er det altså varaordføraren som framover vil halda kontakten med setterådmann Knut Broberg.

– Eg kan stadfesta det ordføraren seier, at det har kome eit varsel mot han. Det er ein naturleg konsekvens at han då trer til sides på grunn av inhabilitet, seier Broberg til Porten.no.

Ordknapp setterådmann

Broberg er rådmann i Flora kommune, men vart oppnemnd som setterådmann av kommunestyret i Sogndal for å handtera dei tidlegare arbeidsmiljøproblema i Sogn barnevern.

– Eg veit at ordføraren har laga ei forklaring i samband med varselet mot han. I den forklaringa har han sagt kva varselet går ut på. Utover det ønskjer eg ikkje å kommentera innhaldet, seier setterådmannen.

Han seier varselet vil bli ein del av den samla undersøkinga det eksterne varslingssekretariatet jobbar med. Konklusjonen i saka vil stå i rapporten som skal vera klar ein gong rundt årsskiftet.

Til toppen