STANDARD: Gulen Høgre meiner standarden på Fv. 57 mellom Rutledal og Sløvåg må hevast betydeleg. Frå venstre:  Roy Nerdal (entrepenør) Bjørn Brekke (Gulen H), Ivar Eide (Gulen H) Torill Eidsheim (stortingsrepresentant H) og Oddgeir Willy Oppedal (Gulen H).
STANDARD: Gulen Høgre meiner standarden på Fv. 57 mellom Rutledal og Sløvåg må hevast betydeleg. Frå venstre: Roy Nerdal (entrepenør) Bjørn Brekke (Gulen H), Ivar Eide (Gulen H) Torill Eidsheim (stortingsrepresentant H) og Oddgeir Willy Oppedal (Gulen H). (Foto: Kristin Mjanger)

MEININGAR

– Kommunen må vera drivkrafta for å få gul midtstripe frå Sløvåg til Rutledal

Fleire bygder  i Gulen opplever vegstandarden på Fv. 57 som eit hinder for etablering av både familiar og næring, skriv Ivar Eide i Gulen Høgre

Meiningar: Gulen Høgre ynskjer gule midtstriper på vegane i Gulen. I fyrste omgang er det Fv. 57 dette gjeld. Dette er ein del av Kystvegen som er ein ytre akse frå Knarvik til Ålesund.

Langs denne vegen er det nordover eit yrande næringsliv, men ein slit kraftig med ein infrastruktur som på mange strekningar ikkje har vore utbetra på ein mannsalder.

I Gulen er dette gjennomgangsvegen til dei sentrale delane av kommunen. Mange av desse stadene opplever at vegstandarden er til hinder for etableringar av både familiar og næring. I tillegg er dette omkøyringsvegen dersom E39 er stengt.

Lokalt engasjement

Statens Vegvesen har laga eit framlegg til utbetring av Fv. 57 gjennom kommunen med ein kostnad på 3,4 milliardar!

Det seier seg sjølv at ein då kjem veldig langt bak i køen av vegprosjekt.

Gulen Høgre meiner at kommunen må vera drivkrafta for å få gul midtstripe frå Sløvåg til Rutledal. Ingen veg har vore laga utan lokalt engasjement.

Me har derfor vore pådrivarar for å få omklassifisert vegen til riksveg. Dette er no programfesta av Vestland Høgre. I tillegg har me med knapt fleirtal fått kommunestyret til å løyva 400 000 kroner til arbeidet. Det er klart at her vert det mange møte med fylke, Statens vegvesen, sentralmakta og andre instansar som kostar både tid og pengar.

Ønskjer samarbeid

Me vonar å få til eit samarbeid mellom staten, fylket, Statens vegvesen, privat næringsliv og entreprenørar, som i fyrste omgang medfører ei kraftig utbetring av vegen, slik at den framstår som eit fullverdig kystvegalternativ.

Samstundes er ferjesambandet Leirvåg – Sløvåg etter kvart overmodent for to ferjer. Etter kvart bør det også koma to ferjer på sambandet frå Rutledal, slik at det framstår som eit reellt alternativ når ein skal ferdast langs kysten.

Til toppen