SAL: Lærdal kommune ønskjer å selja tomta der Losjehuset stod fram til brannen i 2014. Foto: Camilla Skjær Brugrand. 
SAL: Lærdal kommune ønskjer å selja tomta der Losjehuset stod fram til brannen i 2014. Foto: Camilla Skjær Brugrand.  (Arkivfoto: Camilla Skjær Brugrand)

Kommunen ønskjer å selja Losjehustomta i Lærdal

Under Lærdalsbrannen i 2014 brann Losjehuset ned til grunnen. 

Lærdal: Kommunen ønskjer no å selja tomta der Losjehuset som vart bygd i 1906 stod fram til brannen i 2014.  Tomta ligg i dag innanfor verneområdet for gamle Lærdalsøyri.

I 2013 vart ein ny detaljereguleringsplan vedteke. Den gjaldt Losjehuset og Ungdomshuset i verneområdet, slik at bygningane vart underlagt formelt vern og den opne karakteren til området behelde.

Les også: Stort press på bustadmarknaden i Lærdal

Då reguleringsplanen vart vedteken, opna den likevel for bygging av bustad. 

Fyrstkommande torsdag skal saka opp i formmanskapsmøte. 

Skifta eigar

Tomta er i dag regulert til bustad og forsamlingslokale i detaljreguleringsplan. Planarbeidet frå 2013 var ei omregulering av gjeldande reguleringsplan for del av Øyramarki vedteken 2008. Tomta var den gong regulert som bustad.

I 2013 vartområdet detaljregulert, og tomta vart avsett til kombinert formål, forsamlingslokale/bustad.

Les også: Vil heller ha bustader enn nytt Losjehus

Før brannen var Losjehuset utleigd til Fortidsminneforeninga Sogn og Fjordane si avdeling, som hadde teke på seg ansvaret med å restaurere bygningen og nytte den til opplæring og formidling av tradisjonelt handverk og bygningsvern.

På branntidspunktet var taket restaurert, veggane reparert og måla, og ein var i gang med å restaurere vindauga. Huset var ikkje forsikra, men det er løyvd 1,2 millionar kroner til attreising. 

Stort behov for tomter

– Lærdal kommune ser at behovet for sentrumsnære tomter er større enn behovet for forsamlingslokale, skriv kommunen. 
 
Losjehuset var ei lita, men markert bygning i innkøyringa til Lærdalsøyri og verneområdet. Saman med ungdomshuset Frilund gav ho eit unikt bilete av lagshistorien i kommunen.

Det opne området framom dei to forsamlingshusa var eit viktig miljøskapande element på Lærdalsøyri og eit minne om eksersisplassen som låg der i tidlegare tider. Huset vart kjøpt av kommunen i 2007.
 
– Eit sal av tomta vil gi inntekter til Lærdal kommune,  samstundes er det stor etterspurnad etter sentrumsnære tomtar, skriv kommunen. 

Høge driftutgifter

Utfordringar knytt til tomta er busslomme for ein teneleg tilkomst til eigedomen. Ein byggesøknad må behandlast i Fagrådet for gamle Lærdalsøyri.
 
– Lærdal kommune eig mykje bygningsmasse i forhold til størrelsen på kommunen. Mykje av bygningsmassen vert ikkje nytta i den kommunale tenesteproduksjonen, skriv dei.  

Dette inneber høge driftsutgifter og gjev eit vedlikehaldsetterslep på den kommunale bygningsmassen totalt sett. Dette er årsaken til at Lærdal kommune har vurdert eigedomar for sal.

Tomta har saman med sju andre eigedomar lege ute på offentleg høyring i seks veker, og det kome eit innspel på Losjehustomta.

Saka skal behandlast i formannskapet 21. april og i kommunestyret 26. mai. Dersom eigedomen vert vedteken seld, vert eigedomen lagt for sal på www.1422.no.  

Til toppen