BIDRAG: Sandra Opheim (MDG) meiner det er synd at krafta som vert produsert i Offerdal kraftverk skal gå i luftspenn over Årdalsfjorden, men tykkjer det er bra at kommunen oppmodar til at utbyggar bidreg med pengar til anlegget «Ne' fø' sjøen». Foto: Truls Grane Sylvarnes.

Kommunen oppmodar utbyggar til å bidra med pengar til «Ne' fø' sjøen»

Og Sandra Opheim (MDG) tykkjer det er synd at krafta skal gå i luftspenn over fjorden.

Årdal: Det sa Miljøpartiet Dei Grøne sin representant då formannskapet handsama konsesjon for overtaking av fallrettar tysdag. Før Opheim kom inn i politikken, rådde kommunen frå at ein skulle nytte luftspenn, men heller ha sjøkabel.

I konsesjonshandsaminga av prosjektet er dei samfunnsmessige fordelane ved utbygging av fornybar kraftproduksjon vegd opp mot dei negative verknadene, og her kom regjeringa fram til at dei negative verknadene av luftspenn ikkje var store nok.

– Diverre vart det luftspenn for å sikre mest mogleg vinning for utbyggaren. Det går på tvers av ønsket til Årdal kommune. MDG tykkjer det er synd at det vart konklusjonen fordi me trur fjordspenn vil forringa naturopplevingane og ha store kostnader for lokalsamfunnet, sa Opheim. 

Forventningar frå lokalmiljøet

Dersom prosjektet vert realisert, vil kraftlinjene sette sitt preg på miljøet rundt anlegget «Ne' fø' sjøen», som no vert restaurert og satsa på. Difor rår kommunen utbyggar til å yte eit økonomisk bidrag til utvikling av anlegget.

– Men dette er ei konsesjonssak og har ikkje noko med konsesjonen å gjere. Difor er dette meir eit forsøk på fortelje utbyggar at lokalmiljøet forventar ein legg att noko, men det er ikkje ein del av konsesjonsvilkåra, opplyste rådmann Olve Fossedal.

Erling Offerdal (Sp), som bur i Ofredalen, håpar også at vegen vert rusta opp att dersom det blir ein del trafikk på han framover. 

– Eit prosjekt me har venta på

Når det gjeld overføringa av fallrettane, vart dette samrøystes vedteke. Ein fallrett er ein rett til å utnytte krafta som kan vinnast ut av vatnet som renn i ei elv. I utgangspunktet ligg fallrettane til den eller dei eigedommane vatnet renn gjennom

– Dette vil forhåpentlegvis utløyse eit prosjekt som me har venta på, sa Hilmar Høl (Ap). 

Til toppen