KRAFTVERK: Årdal kommune rår til at det blir gjeve konsesjon til utbygging av Nundalselvi kraftverk. 
KRAFTVERK: Årdal kommune rår til at det blir gjeve konsesjon til utbygging av Nundalselvi kraftverk. 

Kommunen seier ja til kraftutbygging i Nundal

Årdal kommune rår til at det blir gjeve konsesjon til utbygging av Nundalselvi kraftverk.

Nundalen: Det går eit samrøystes formannskap inn for. Det er Småkraft AS som søker om å utnytta fallet i Nundalen ved Øvre Årdal, og det er venta at kraftverket vil produsere 14,1 GWh.

I Årdal er dette det siste fossefallet som ikkje er verna som då blir unytta til kraftproduksjon. 

– Dette er noko me i Arbeidarpartiet må tenkja på når me er inne i kraftsaker. Sjølv om me ikkje er eit nei-parti når det gjeld det, er dette det siste fossefallet me tek føre oss som ikkje er verna, seier Hilmar Høl (Ap).

Les også: I gong med sprenging i Mannsberg

I Nundalen finst det spor etter menneske heilt tilbake til jernalderen, men i dag vert ikkje området nytta til anna enn beiteområde og rekreasjonsområde. 

Stor kulturhistorisk verdi

Dalen har likevel kulturhistorisk stor verdi fordi den viser korleis landbruket var i kommunen før industrien tok over. Det er ikkje veg ut, så det er lagt inn eit krav om at kaianlegg i Vassbugen på Årdalstangen vert opprusta.

– Det me må vera var på er at det er stadig meir og større diskusjon om å ta vare på urørt natur. Nundalen er ikkje urørt naturområde, men me vurderer det dit at utbyggat tek høgde for å gjera tiltak slik at dette blir så smertefritt som mogleg, held Høl fram.

Noko vil bli synleg frå vegen og Øvre Årdal, og kommunen ber om ytterlegare informasjon frå utbyggar om kor kraftstasjonen skal plasserast og korleis den blir sjåande ut. Blant vil ein fasade av vindauge gi refleksar mot fylkesveg 53. Difor føresler dei ein gamal byggeteknikk på bygget.

Fem persentil

– Det ligg tiltak heile vegen ned Nundalen. Ikkje alt kan skjulast, men me skal vera klare på at her set me ei grensa på fem persentil slik at elva aldri går turr. Det er eit krav. 

Erling Offerdal (Sp) støtta Høl i synet, men understreka kor viktig det var at turbinen ikkje blir synleg.

– Gjort på ein god måte, vil eg støtta opp om det Arbeidarpartiet seier, er hans kommentar.

Det blir blant anna lagt til grunn i tilrådinga at utbyggar skal gjera dammen minst mogleg synleg i terrenget. Dessutan føreset kommunen at utbyggar set av midlar til eit fond som skal brukast til å istandsetja bygg og anlegg og tilrettelegging.

Går sterkt imot

Sogn og Fjordane Turlag, Naturvernforbundet i Sogn og Fjordane og Forum for natur og friluftsliv er negative til søknaden om bygging av Nundalselvi kraftverk i Årdal.

I ein felles uttale skriv dei at dalføret og naturen rundt elva sannsynlegvis har større verdiar enn det kunnskapen i dag tilseier. 

– Delar av elva er synleg for folk flest på avstand frå veg, utan å ta seg inn i dalføret og det meste av krafta er uregulert sommarkraft til ein relativt høg pris. Me meiner difor at verdiane som går tapt ved ei utbygging på ingen måte veg opp for ulempene for friluftsliv, naturmangfald og landskap, og me går så sterkt me kan i mot denne utbygginga og rår på det sterkaste ifrå konsesjons til Nundalselvi kraftverk, skriv dei.

Til toppen