Årdal: Det bestemte eit samrøystes kommunestyre seg for. Dei 15 flyktningane kjem på toppen av 12 personar som ein veit vil koma gjennom familiesameining.
– Årdal er godt budde på busetjing. Flyktningtenesta er styrka, det er utarbeidd ein god plan for integrering og tidlegare politiske vedtak har gjort det klart at kommunen skal vera med og ta eit samfunnsansvar, sa Sandra Opheim (MDG).
Som Porten.no skreiv i februar, er det utfordringar med arbeidspraksis. I dag har berre halvparten av flyktningane tilbod om praksisplass. Men i staden for å diskutere, var det ein framoverlent rådmann som tok ordet.
– Det er allereie kalt inn til møte om introduksjonsprogrammet, som går på ordinær grunnskule og vidaregåande for dei yngste og ikkje minst yrkesutdanning. Mange av desse kan sikkert finne arbeid innanfor helse, omsorg eller barnehage. Me har ein godt vaksen arbeidsstokk i kommunen med mange pensjonsavgangar framover, sa Olve Fossedal, som hadde skjønt at tilrådinga vart som ho vart.
– Utfordringa er å kople på fylkeskommunen slik at dei kan vere med. Me ønskjer å køyre utdanningsløpa lokalt i Årdal. Det tener me på. Dei som deltek er vaksenopplæringa, Indre Sogn ASVO og NAV.
Vert satsa på
Det likte politikarane å høyre. Thomas Norheim Moen (Sp) samanlikna det med dei norske handballherrane.
– Viss ein ser på kvinnelandslaget, er dei i verdstoppen. Det er ikkje herrane, men dei byrjar å kome seg, og det er fordi dei vert satsa på like mykje som kvinnene, sa han.
Vedtaket seier også at alle tenesteeiningar i Årdal kommune skal legge til rette for praksisplass for flyktningar så langt det er mogleg innanfor gjeldande lovverk.