STI UTAN SKJØRT: Pålane som står nede i sjøen under fjordstien er impregnert med det helseskadelege stoffet kreosot. Det same var plankane som gjekk ned i sjøen, og utgjorde sjølve fasaden, men dei vart fjerna grunna helserisikoen. 
STI UTAN SKJØRT: Pålane som står nede i sjøen under fjordstien er impregnert med det helseskadelege stoffet kreosot. Det same var plankane som gjekk ned i sjøen, og utgjorde sjølve fasaden, men dei vart fjerna grunna helserisikoen. 

Kommunen slepp truleg rekninga for miljøgift-tabbe

Konsulentselskapet som prosjekterte Fjordstien vil truleg dekke kostnaden med å fjerne helseskadeleg impregneringsmiddel.

Sogndal: Det opplyser rådmann Jostein Aanestad.

– Den ansvarlege i selskapet har innrømma feilen og førelagt saka for si leiing. Men han har ikkje fått svar enno. Me legg til grunn at dette blir dekka, seier han.

Kreosot er eit effektivt impregneringsmiddel, som vert ulovleg å bruke frå 2018. Middelet kan nemleg vere skadeleg å få på huda. 

Les også: Bli med langs den nye fjordstien

Det var Sogn Avis som først skreiv om saka, etter at politikar Einar Vatlestad (H) stilte spørsmål ved bruken av middelet på eit møte i forvaltingsutvalet i juni.

Delar av Fjordstien er bygd på trepålar ute i sjølve fjorden. Kreosot skulle sørge for at pålane toler påkjenninga. Men konsulenten som prosjekterte bygginga har i ettertid innrømma at det var ein tabbe å bruke det same middelet til å impregnere plankane på kanten av Fjordstien, det såkalla «skjørtet». 

Ein lokal entreprenør vart så sett til å fjerne dette skjørtet og framleis ventar kommunen på eit nytt. Det vil bli sett opp når dei får inn kostnaden på det nye anbodet. 

Men slik det ser ut slepp altså kommunen å ta rekninga.

Til toppen