Kommunen snudde i høyringsuttalen om Offerdal kraftverk

Kommunen snudde i høyringsuttalen om Offerdal kraftverk

– Eg er veldig glad for at kommunestyret har snudd i denne saka her, seier Aleksander Øren Heen (Sp).

I det opprinnelege vedtaket frå 2012 opna kommunestyret for at utbyggar av Offerdal Kraftverk, Sognekraft, kunne nytta fjordspenn og kraftmaster for å kryssa fjorden over til Naddvik.

Det alternativet utelukka eit samrøystes kommunestyre i etter tilleggsutgreiingar på fleire område, blant anna sjøkabelalternativ med ilandføring, kulturmiljøet «Ne'fø sjøen», skred og andre tema for Naddvik. 

Tilleggsutgreiingar

– No fekk me NVE til å kreva at ein gjorde desse tilleggsutgreiingane. Dei ligg på bordet, og no har ein endra standpunkt, så det nyttar å engasjera seg, seier Heen, som presiserte at dette var løysinga Senterpartiet heile tida ville ha då saka sist var oppe.

– Dette ville ikkje Senterpartiet gå inn for, medan fleirtalet i kommunestyret kom til ein annan konklusjon der ein peika på alternativ éin som var fjordspenn og alternativ to som var sjøkabel.

Engasjementet rundt denne saka er stor, og fleire lag, organisasjonar, bygdelag og privatpersonar sendte inn høyringsuttale med klare signal om at dei ikkje ønskte eit fjordspenn og kraftmaster.

Endra syn

Desse viste til dei negative konsekvensane dette ville ha for naturen, men også luftfart og kulturminne på begge sider av fjorden, som denne kraftlina skal gå mellom.

– Årdal er ein kraftkommune. Me må vel seia at me er vande med å sjå kraftmaster som ein del av naturen, men til og med for ein gamal kraftsosialist som meg, er det slik at ein må endra syn på dette, seier Hilmar Høl (Ap).

– Det er jo heilt klare endringar frå 2012 i og med at alle dei fire alternativa som no ligg i saka er utgreidd med sjøkabel og ilandføring i Vikadalen. Det vil for utbyggar bety at det er ein vesentleg forskjell frå utgangspunktet i 2012 som tok føre seg luftstrekk og master på Vikadal-sida.

I den nye utgreiinga er det komme fire alternativ med sjøkabel, og det er det tredje alternativet, såkalla K3, kommunestyret no går for. Det inneberer «sjøkabel til utløpstunnel frå Naddvik kraftstasjon. Jordkabel langs Fv 53 til Nysetelvi og langs tilkomstvegen til Naddvik kraftstasjon fram til eksisterande transformatorstasjon.»

Minstevassføring

I tillegg vil politikarane endra tilrådinga om minstevassføring lik fem percentil om sommaren.

– Me var skeptiske til at minstevassføringa skulle vera lik 5 percentil på sommarvatn i kraftverket. Dette blir no retta opp frå rådmannen, så me legg oss på ei minstevassføring, og me ser klart og tydeleg at det er ein vesentleg forskjell. Det er mykje vatn som renn i fjorde viss me ikkje gjer endringa frå fem percentil, seier Høl og får støtte frå Heen her.

– Senterpartiet meiner dette er ei vktig utbygging og har alltid meint det, og då må ein ha nok vatn som gjer at det løner seg å byggja ut. Og så er det nokre negative konsekvensar som kommunestyret må vera klar over. Svaret vårt er ja fordi utbygginga er såpass viktig at det trumfar naturkvalitetane, seier Heen, som likevel meiner det er viktig at ein sikrar nok vatn til å drifta «Ne'fo sjøen»-anlegget.

Fylkesmannen tilrår sjøkabel

Også fylkesmannen i Sogn og Fjordane meiner kraftverket bør ha ein sjøkabel. 

– Av omsyn til allmenne interesser tilrår Fylkesmannen alternativet med ein 4,4 km lang sjøkabel og ein 2,1 km lang landkabel mellom Offerdal kraftverk og eksisterande transformatorstasjon i Naddvik, skriv fylkesmannen i ei pressemelding.

– Saman med ei kraftutbygging som berre får følgjer for Indre Offerdalselvi, og ikkje Ytre Offerdalselvi, slik Fylkesmannen tidlegare har tilrådd, vurderer me at dette vil gjere bygging av Offerdal kraftverk akseptabel for allmenne interesser.

Til toppen