DELT I TO: Rus og psykiatritenesta i Sogndal er no delt i to, og dei tilsette fordelte på legesenteret (skjult til venstre) og helse og omsorgssenteret (det grå bygget i bakgrunnen).
DELT I TO: Rus og psykiatritenesta i Sogndal er no delt i to, og dei tilsette fordelte på legesenteret (skjult til venstre) og helse og omsorgssenteret (det grå bygget i bakgrunnen). (Foto: Halvor Farsund Storvik)

Kommunen splitta kollegaer for å få has på dårleg arbeidsmiljø

Dei vesle staben i rus- og psykiatritenesta sleit med intenrne samarbeidsproblem. No er arbeidsfellesskapen splitta og jobbar i to forskjellige bygg.

Sogndal: Ei kartlegging av arbeidsmiljøet i Sogndal kommune i 2017 avslørte interne samarbeidsproblem i rus- og psykiatritenesta. På nyåret fekk kommunen ein ekstern rapport, som anbefalte konkrete grep for å fiksa arbeidsmiljøet.

I drøfting med tillitsvalde og dei tilsette vart det bestemt å splitta opp arbeidsfelleskapet, i tråd med anbefalingane i rapporten.

TOK GREP: Rådmann i Sogndal kommune, Jostein Aanestad, seier dei tilsette i rus og psykiatri no har det bra på jobb. Foto: Halvor Farsund Storvik (Arkiv). 

– Me har snakka med og gjort avtalar med alle involverte. Som alltid i slike situasjonar er nokon godt nøgde, medan andre ikkje er fullt så nøgde, sa rådmann Jostein Aanestad då han informerte om status i saka i sist møte i formannskapet.

Meiner arbeidsmiljøet er på rett kjøl

Splittinga skjedde i samband med ei planlagt omorganisering i kommunen. Det vart bestemt at rus- og psykiatritenesta ikkje lenger skal vera èi teneste, men delt i to.

Ein del skal ha ansvar for behandling og er lagt under legetenesta, den andre har ansvar for miljøterapi og er lagt under heimetenesta. Dei tilsette har blitt fordelte på desse to tenesteområda, som er lokaliserte i to forskjellige bygg.

Rådmannen opplever at dei tilsette har fått det betre på jobb no etter at dei tok grep.

– Me har fått gode tilbakemeldingar frå dei tilsette på dei endringane me har gjort, seier Aanestad.

Ikkje konsekvensar for dei som nyttar tenestene

Han vil ikkje svara på spørsmål om arbeidsrelaterte sjukemeldingar. Dette fordi så få jobbar med rus og psykiatri i kommunen at det vil gripa inn i personvernet til enkelttilsette.

I møtet førre veke vart det stilt spørsmål ved om dei som nyttar seg av tenestene er misnøgde etter omstokkinga av dei tilsette. Det vil rådmannen avkrefta.

– Dette er ei teneste som har mange brukarar. Me har fått ein negativ tilbakemelding frå ein brukar. Den vil bli følgt opp for den det gjeld, seier han til Porten.no.

Til toppen