GRØNE TAL: I september styrte Lærdal kommune mot eit underskot på 4,2 millionar kroner. Rekneskapen viser derimot eit overskot på nesten 400.000 kroner. Foto: Truls Grane Sylvarnes. 
GRØNE TAL: I september styrte Lærdal kommune mot eit underskot på 4,2 millionar kroner. Rekneskapen viser derimot eit overskot på nesten 400.000 kroner. Foto: Truls Grane Sylvarnes. 

Kommunen styrte mot underskot – slik snudde det

Lærdal kommune styrte mot eit underskot på 4,2 millionar kroner i 2016, men rekneskapen viser no eit overskot på nesten 400.000 kroner.

Lærdal: Det fortel kommunen i ei pressemelding. Det var tilbake i september det vart lagt fram ein prognose som synte eit meirforbruk på 5,2 millionar kroner. Samstundes var inntektene auka med 1 million kroner, noko som gav eit samla meirforbruk på 4,2 millionar kroner.

No er rekneskapen for 2016 godkjend av reviser og syner eit overskot, eller mindreforbuk, på 388.000 kroner. Snuperasjonen finn ein først og fremst innanfor pleie og omsorg-sektoren.

– Det vart sett i gang eit prosjekt for å trygga inntektsgrunnlaget, og det er gjort ein del grep for å få meir kontroll over kostnadene, seier rådmann Alf Olsen jr. til Porten.no.

Les også: Sjekk rekneskapstala for din kommune

Prosjekt gav innsparing på 3 millionar

– Kva innebar dette prosjektet?

– Det er slik at me har spesielle brukargrupper der det finst statlege refusjonsordningar. Når det gjeld desse ordningane, må ein vera nøye på å rapportere inn alle relevante kostnader. Her hyra me inn ein konsulent som såg på alt dette, og det bar frukter, svarar rådmannen.

Det er det ingen tvil om. Berre her henta kommunen inn 3 millionar kroner. Saman med sterkare styring av kostnadene, som innebar redusert vikarbruk, har det i sum gitt innsparingar på 4,8 millionar kroner utover hausten. På toppen av dette kjem god budsjettdisiplin frå dei andre områda.

– Utan ein stor innsats frå alle tilsette hadde dette ikkje vore mogleg. Eg er takksam og stolt over det me har klart å få til, seier Olsen jr.

Framleis meirforbruk på drift

Også Lærdal har nytt godt av den betydelege skatteveksten som skuldast endringar i utbyteskatten for privatpersonar. Utan denne drahjelpa, ville ikkje resultatet vore det same.

– For drifta totalt har me eit meirforbruk på om lag 1,3 millionar kroner som vart fanga opp av nettopp slike ting som endringar i skatteinntektene. 

Denne drahjelpa vil kommunane neppe få i 2017. Difor må kommunen justere dette meirforbruket.

– Og det har me tatt høgde for i budsjettet for 2017. Det er tilført midlar på fellestenestene som ligg knytt til rådmann for å ta høgde for det. Mykje av dei 1,3 millionane ligg på det området.

Til toppen