SAMARBEID: Lars Kvam og Arne-Brigt Teigen samarbeider om å få saga over ein stokk som skal bli til peisved.
SAMARBEID: Lars Kvam og Arne-Brigt Teigen samarbeider om å få saga over ein stokk som skal bli til peisved. (Foto: Halvor Farsund Storvik)

Kommunen satsar 18 millionar på å gje desse nevenyttige karane eit betre tilbod

Sogndal Ressurssenter frykta lenge at dei måtte flytta frå industrifeltet på Kaupanger. No går det mot oppussing for fleire millionar, pluss nye lokale i sentrum av Sogndal.

Kaupanger: Det er tilrådinga frå politikarane i formannskapet i Sogndal.

– Joho!, er det spontane jubelropet frå miljøterapeutane ved ressurssenteret, Anita Brusegard, Ingolf Fardal og Gina Sundsøy.

Dei utgjer tre av fem tilsette, med leiar, som jobbar for å tilby personar med psykisk utviklingshemming, rusavhengige, eller med psykiatriske lidingar arbeidstrening og eit godt aktivitetstilbod.

OPPKJØP: Sogndal ressurssenter held til på industrifeltet på Kaupanger. No skal kommunen kjøpa bygget og pussa opp for 6,8 millionar. Foto: Halvor Farsund Storvik

Får bli der dei ville

Midt på golvet sagar Lars Kvam og Arne-Brigt Teigen over ein stokk som skal bli til peisved. I hjørnet viser Tor Magnus Ofstad korleis han spikrar saman kassar. I butikken i naborommet står dekorative nissar, kubbelys og kvitmalte boksar med tennbrikettar.

Alt er laga av flittige hender på Sogndal ressurssenter, og råmaterialet får dei frå privatpersonar og bedrifter på Kaupanger

– Me har eit så godt samarbeid med dei rundt oss her. Bedriftene her på industrifeltet er så positive, seier Ingolf Fardal.

Den siste tida har han og dei andre tilsette frykta at dette gode samarbeidet skal bli splitta opp. Manglande plass har gjort at kommunen har vore på leit etter nye lokale.

Torsdag kom gladmeldinga om at dei truleg får bli verande.

– Det er kjempebra, seier Fardal. 

PRESISJONSARBEID: Kassane til Tor Mangus Ofstad er populære blant kundane. Foto: Halvor Farsund Storvik

Investerer fleire millionar

Forslaget frå administrasjonen var først å flytta senteret til Nestangen, der Statens vegvesen held base under bygginga av den nye Loftesnesbrui.

Løysinga som no er føreslått, og som kommunestyret endeleg skal avgjera, likar dei tilsette langt betre:

TRIVST: Dei tilsette er glade for at dei får halda fram på Kaupanger. Her viser miljøterapeut Ingolf Fardal fram butikken der ressurssenteret sel mykje av det dei lagar. Foto: Halvor Farsund Storvik

I sentrum av Sogndal er det planar om å leiga lokale i Fjørevegen 1 og pussa opp for 2,3 millionar kroner. Her er tanken at det skal vera ein møteplass og eit aktivitetstilbod for personar med psykiske lidingar og rusproblem. På Kaupanger er det planar om å kjøpa bygget ressurssenteret leiger i dag for 6,5 millionar, og pussa opp for 6,8 millionar kroner. Dette skal vera hovudbasen, og i første rekkje eit tilbod for personar med psykisk utviklingshemming.

Kommunen har sett av 9,7 millionar til kjøpet og oppgraderingane, medan dei kan få opptil 8,7 millionar i tilskot frå Husbanken.

– Me kunne sjølvsagt helst ønskt oss at dei bygde nytt, men me tykkjer det er voldsomt flott at kommunen vil satsa og bruka så mykje pengar. Denne gruppa treng det, seier Fardal.

I formannskapet torsdag understreka rådmannen at gjennomføringa av prosjektet er avhengig av at dei får tilskota dei har søkt om frå Husbanken.

GJENBRUK: Nissane blir laga av garn dei får frå privatpersonar, og overflødig stoff dei får levert frå Bohus.  Foto: Halvor Farsund Storvik
REDDA FRÅ SØPLA: I staden for at Lerum kastar desse spanna blir dei leverte til ressurssenteret. Her blir dei forvandla til flotte beholdarar for tennbrikettar.  Foto: Halvor Farsund Storvik
Til toppen