Sogndal: Detaljreguleringsplanen for utbygginga av Lerum Brygge i Sogndal er lagt ut på høyring. Der kjem det fram nye detaljar om det ambisiøse prosjektet heilt nede ved fjorden.
Nedst i saka kan du sjå ei liste over dei meste sentrale punkta i planen.
I korte trekk går planen ut på å forvandla Lerum sin nyleg nedlagde syltetøyfabrikk om til eit bustadområde som er tilgjengeleg for alle, med ei småbåthamn, ein ny badeplass, ein serveringsstad og liv på kaia.
Sogndal kommune har fleire merknader til planane. Den mest alvorlege innvendinga er mot storleiken på bygget som vender mot Dampskipkaia, eit bygg kommunen meiner blir for stort og dominerande.
– Me vil difor ikkje tilrå at planframlegget vert vedteke med dei dimensjonane som no ligg føre, skriv sakshandsamar Cornelis Erstad i planframlegget.
Kommunen ønskjer denne blokka redusert frå sju til fem etasjar.
– Ikkje så problematisk at det stoppar utbygginga
Prosjektleiaren til Lerum Brygge er ikkje begeistra for forslaget, men seier det ikkje er nok til å velta prosjektet.
– Når me må redusera det eine bygget, så må me utvida på dei fire andre. Det er ikkje ideelt, men ikkje så problematisk at det stoppar utbygginga. Me har lagt fram prosjektet slik me meiner det kan løysast på best mogleg måte for alle. Viss kommunen meiner noko anna, så må me akseptera det, seier Stig Melbø.
Saman med Sogndal kommune har dei invitert til eit ope møte 3. mai om utbyggingsplanane, i samband med at dei no er lagde ut på høyring.
– Etter høyringsrunden kan det koma fleire forslag til endringar. Så får me sjå på det totale prosjektet når me har kome så langt, seier Melbø.
Han seier dei forventar å starta salet av det første av fem byggjetrinn tidleg i 2019. Forventa gjennomføringstid er fem til sju år.
Her er nokre utdrag frå planen:
- Det er planlagt fem blokker med 132 leiligheiter som varierer i storleik frå 35 til 120 kvadratmeter. Dei to høgste blokkene er på ni etasjar, eller omlag 31 meter.
- På bakkeplan kjem det tre næringsareal på 83, 97 og 127 kvadratmeter. Det største blir ein frittståande paviljong, som er tenkt kan vera ein cafè eller liknande.
- Det vil koma to flytebrygger for småbåtar og ein badeplass mellom dei.
- Ei ny trekai vil gå langsmed heile fjordkanten i forkant av høghusa.
- Det kjem 87 parkeringsplassar fordelte på parkeringshus i sokkeletasjane.
- Fjordstien blir forlenga i samband med utbygginga, og det vil bli passasje både i bakkant, mellom og i forkant av blokkene.
- Mellom to av blokkene, og vendt mot fjorden, kjem ein almenning med plantar og møblering der det skal vera fint for folk å sitja og for ungar å leika.
- For kvar leiligheit skal det vera minst èin sykkelparkering, som delvis skal vera under tak og der det skal vera mogleg å lada elsyklar.
- Det skal lagast til ein leikeplass på minst 200 kvadratmeter.