FÅR SNART FASITEN: Denne månaden, når regjeringa legg fram kommuneproposisjonen, får vi vite kva økonomisk nivå kommunane må bu seg på i 2018. Foto: Oskar Andersen
FÅR SNART FASITEN: Denne månaden, når regjeringa legg fram kommuneproposisjonen, får vi vite kva økonomisk nivå kommunane må bu seg på i 2018. Foto: Oskar Andersen

MEININGAR

Kommuneøkonomi for folk flest

– Sjølv om vi blir fleire innbyggjarar i Sogn og Fjordane for kvart år, aukar folketalet på landsbasis meir. Det er dårleg nytt for oss, skriv Marit Lunde, seniorrådgjevar hos Fylkesmannen.

KRONIKK: Kvar kan vi knipe inn når overføringane frå staten minkar? Får barna gå på den trygge og gode skulen i nærmiljøet, eller må dei bussast til nabobygda? Får eg den hjelpa eg treng når eg blir gammal? Er det slik at velferdstenestene faktisk kan bli betre når kommunar slår seg saman?

Arbeidet mitt med kommuneøkonomi hjå Fylkesmannen har lært meg at ingen kommunar er heilt like. Vi må ha ein del fakta på bordet før det er mogleg å samanlikne kommunane våre. Tal innbyggjarar, demografi og ulik geografisk storleik gjer at kommunane må prioritere ulikt, og bruke inntektene sine på ulikt vis. Mange kommunar har lange avstandar og spreidd busetnad, og får større utgifter til skule og eldreomsorg enn kommunar som er mindre og meir lettdrivne. Demografi – samansetjinga av ulike aldersgrupper – og ein del andre kriterium fortel oss og noko om kva utgiftsbehov ein kommune har, og kva det kostar kommunen å tilby tenester som innbyggjarane har krav på.

For 2017 er det berekna at kommunane i Sogn og Fjordane får 6,3 milliardar kroner til tenesteyting. Denne summen blir overført frå staten som frie inntekter, det vil seie at kommunen sjølv avgjer korleis pengane skal fordelast på tenestene i kommunen. Dei lokale folkevalde har det endelege ansvaret for å prioritere, innanfor lov og regelverk. Samla sum for landet utgjer 291,5 milliardar kroner. Over tid veks kommunane sine frie inntekter, men veksten er ulik frå kommune til kommune. Utvikling i folketalet og endring i demografi er viktige årsaker til ulik vekst. Frå 2016–2017 utgjorde veksten i frie inntekter 2,1 prosent i Sogn og Fjordane. Snittet for landet var 2,7 prosent. Lønns- og prisvekst i same periode utgjer 2,5 prosent. Mange kommunar vel difor å krevje inn til dømes eigedomsskatt og ymse gebyr for å få hjula til å gå rundt.

Dei frie midlane vert overført til kommunane gjennom eit inntektssystem. Inntektssystemet skal utjamne kostnader og inntekter, slik at alle kommunar skal kunne yte eit likeverdig tenestetilbod anten kommunen er lett eller tung å drive. Målet er at du som innbyggjar skal få dei same tenestene uansett kvar du bur i landet.

Når det gjeld folketal og alderssamansetjing er det slik at kvar alder har sin «pris» i inntektssystemet. Barn og vaksne blir delt i aldersgrupper, og desse har «sin pris» per person rekna ut frå normale utgifter for aldersgruppa. Barn treng tenester som helsestasjon, lege, SFO og skule. Eldre vert delt inn i ulike grupper alt etter kor gamle dei er. Eldre mellom 80-89 år og personar over 90 år, i tillegg til barn, er dei gruppene som kommunane får mest pengar for, utifrå at dette er grupper som normalt treng mange og omfattande kommunale tenester. Satsane for dei ulike gruppene er dei same for heile landet.

Sjølv håpar eg å bli gammal, bu heime og greie meg sjølv til eg har passert 90 år. Greier eg det, er det god butikk for heimkommunen min! Kommunen får pengar frå staten for gamlemor – men ho greier seg for det meste sjølv og påfører kommunen minimale utgifter. Når småbarnsfamiliar melder flytting og mange av dei aller eldste døyr, kan det vere vanskeleg for ein kommune å gjere endringar i drifta raskt nok. Då minkar inntektene alt året etter, ofte utan at kommunane rekk å redusere drifta like fort. Kommunen har gjerne tilsett ressursar til ekstra pleietrengande, eller elevtala i klassane blir for små i høve til tal lærarar. Kommunen har brått fått høgare utgifter enn det dei får kompensert frå staten. I større kommunar kan det vere motsett – brå folketalsvekst gir behov for fleire plassar i barnehage, skule og andre tenester. Der kan utfordringane vere å ha nok tilsette til planarbeid og drift, og å få på plass finansiering til nødvendige nye investeringar.

Frå og med i år er meir av overføringane frå staten knytt opp til kvar enkelt person. Sjølv om vi blir fleire innbyggjarar i Sogn og Fjordane for kvart år, aukar folketalet på landsbasis meir. Det er dårleg nytt for oss. Sogn og Fjordane hadde ein vekst i folketalet på 0,7 prosent frå 2016 til 2017 medan veksten i landet var i snitt på 0,9 prosent. Vi får altså tilført mindre pengar no enn tidlegare fordi vi statistisk sett skal ha mindre utgifter. Storbyane og dei mest folkerike områda i landet kjem best ut etter endringane i inntektssystemet. Oslo åleine får 160 mill. kroner meir frå staten i 2017. Desse pengane blir trekte frå dei andre kommunane i landet. På toppen kom det også omleggingar i dei distriktspolitiske tilskota som gjer at fylket vårt tapar noko på dette kvart år.

Knappare overføringar har konsekvensar for kvar enkelt av oss. For min eigen del er eg oppteken av å få gode tenester når eg treng dei – og at eg kan få tenestene der eg bur. Det same ønskjer eg for sambygdingane mine uansett kva alder dei har. Brannbilen må vere i bygda når det brenn, og folk må vite at det er legetenester innan forsvarleg avstand når noko akutt oppstår. Det er mindre viktig for meg kvar ho sit, ho som administrerer innkjøp av utstyr til brannbilen og legekontoret. Han som kjøper inn skulebøker til borna, treng heller ikkje ha kontor på hjørnet. Eg meiner derfor at velferdstenestene kan bli betre om kommunar slår seg saman, for effektiv administrasjon av kommunale tenester gjer at vi kan bruke meir av pengane i dei ulike tenestene. Då kan vi betre sikre å få tenester der vi bur når vi treng det, spesielt når vi veit at behovet for kommunale tenester framover vil auke.

Til toppen