OVERSKOT: Økonomien til Årdal kommune viser eit lite overskot på nesten 900.000 kroner for årets tre første månader. Foto: Truls Grane Sylvarnes.
OVERSKOT: Økonomien til Årdal kommune viser eit lite overskot på nesten 900.000 kroner for årets tre første månader. Foto: Truls Grane Sylvarnes.

Kommuneøkonomien i rute for Årdal

Årdal kommune har hatt eit lite overskot på 880.000 kroner i første kvartal i 2017.

Årdal: Det syner ein rapport som vart lagt fram for formannskapet i førre veke. Rapporten syner eit mindreforbruk, eller overskot, på 883.696 kroner i høve periodisert budsjett.

Totalt var driftskostnaden i første kvartal på 107,3 millionar kroner. Det er eit meirforbruk på 300 000 kroner mot periodisert budsjett.

– Ap er opptekne av vidare god økonomisk styring, og me meiner det arbeidet må halde fram som før, kommenterte Marie Helene Hollevik Brandsdal (Ap).

Framleis høge driftskostnader

I det same møtet vart også årsrapporten for 2016 lagt fram. Som Porten.no tidlegare har omtalt, hadde kommunen eit overskot på 8,6 millionar kroner i fjor. Men overskotet kunne vore betre.

– Me fekk nokre ekstraordinære utgifter på 8,7 millionar på grunn av ei ekstrarekning frå LMS og avvikling av asylmottaket. Det er store rørsler mot slutten av eit år, og som eg har sagt tidlegare; når ein supertankar er på veg inn fjorden og er komen for langt, så greier ein ikkje å stoppe det, sa rådmann Olve Fossedal, som også kommenterte at drifta framleis ligg for høgt.

– Kostra-tala viser at me er på rett veg, men det går smått. Klarar me å halde fram med å ta ned drifta utan dramatiske konsekvensar, så vil det gå bra. Det er mange gode teikn i drifta. 

Samde om korleis overskotet skulle fordelast

Politikarane valte å følgje tilrådinga frå rådmann om korleis overskotet skulle fordelast på dei ulike fonda. Det betyr at 6 millionar vert sett inn på disposisjonsfondet, 500.000 til klimafondet og 2,1 millionar til næringsfondet.

– Senterpartiet er samd i den tilrådinga. Me har tidlegare kommentert dette med avsetting til klimafond og etterlyst meir aktivitet og tiltak i planane. Me ønskjer no å få den planen opp på bordet så snart som mogleg, sa Thomas Norheim Moen (Sp). 

Til toppen