PÅ RETT VEG: Rekneskapen til Årdal kommune syner eit overskot på 8,9 millionar så langt i år. På bakgrunn av dette vurderer rådmannen det slik at kommunen vil oppnå rekneskapsbalanse i 2016. Arkivfoto: Truls Grane Sylvarnes. 
PÅ RETT VEG: Rekneskapen til Årdal kommune syner eit overskot på 8,9 millionar så langt i år. På bakgrunn av dette vurderer rådmannen det slik at kommunen vil oppnå rekneskapsbalanse i 2016. Arkivfoto: Truls Grane Sylvarnes. 

Kommuneøkonomien til Årdal er på rett veg

Med eit overskot på 8,9 millionar kroner så langt i år, ligg Årdal kommune an til rekneskapsbalanse i 2016. 

Årdal: Det syner tala som vart lagt fram for politikarane torsdag. Etter å ha kunne skrive seg ut av Robek-lista eit år før tida, ser det ut til at kommunens strenge budsjettdisiplin gir resultat.

Rekneskapen per 31. august syner eit mindreforbruk på 8,9 millionar kroner. På bakgrunn av dette vurderer rådmannen det slik at kommunen vil oppnå rekneskapsbalanse i 2016.

– Det er eit godt økonomisk fokus innanfor driftsområdene, og det skal me vere nøgd med. Eg vil gi all mogleg ros tilbake til administrasjonen og dei tilsette. Det er viktig at me held fram arbeidet for å oppnå balanse, sa Marie Helene Hollevik Brandsdal (Ap). 

– Kutta i tiltak og stillingar er ikkje enkelt, så me vil også gi ros til dei tilsette og takke for at dei har vore så hjelpsame i situasjonen me har vore i, la Hilde Horpen (Sp) til. 

Oppgradere IT-utstyret ved skulane

Rapporten syner at alle driftsområde utanom helse har eit mindreforbruk, det vil seia overskot. Overskotet skuldast i hovudsak vakansar og og refusjonar, medan for helse skuldast meirforbruket legekontor og bruk av vikarlegar.

På skule ligg det også ei melding om at dei gjerne vil oppgradere IT-parken, noko Arbeidarpartiet ville lytte til.

– Me vil signalisere at dette er noko me må ta tak i når me går i gong med budsjettarbeidet for 2017. Det er lagt inn midlar til dette, men Ap vil signalisere at me kanskje må skyve dette fram i tid. Når me veit at utstyret er så gamalt, lyt me gjera noko med det slik at elevane får gode lærevilkår. 

Til toppen