- TA DET MED RO: Kommuneoverlege for Årdal, Lærdal og Aurland kommunar, Frode Myklebust, oppmodar dei som har blitt smitta med influensa om å pakka seg godt inn, og ta livet med ro.
- TA DET MED RO: Kommuneoverlege for Årdal, Lærdal og Aurland kommunar, Frode Myklebust, oppmodar dei som har blitt smitta med influensa om å pakka seg godt inn, og ta livet med ro. (Foto: Arkiv)

Kommuneoverlege: – Influensasesongen er over oss

– Utbrotet er allereie i gong. Det er fleire som er sjuke i vårt distrikt allereie, seier kommuneoverlegen.

Indre Sogn: – Influensasesongen er over oss. Det er det ikkje tvil om, stadfestar  kommuneoverlege for Årdal, Lærdal og Aurland, Frode Myklebust. 

Antal influensasmitta er høg landet over, og er enno på veg opp, opplyser han. Kommuneoverlegen seier det er typisk med ei høgtid for influensa kring nyttårstidene. 

– Dette er klassisk i forhold til at folk reiser heim til jul og nyttår og bur trangt og blir sjuke. Då spreier viruset seg landet over når dei reiser til kvar sin part att.

Det går to influensavirus no: Ein typa influensa A virus, og ein type influensa B virus. 

Ikkje vits å oppsøka legekontor

Antal smitta personar vert målt, og legekontor kalla indekskontor har som oppgåve å senda inn prøver frå personar med typiske symptom på influensa. 

Folkehelseinstituttet skriv vekentlege rapportar på influensasmitta i Noreg. I veke 1 i 2020 var det flest pasientar med influensasmitte i region Vest, med 1,8 prosent. 

Dersom du har blitt smitta, og har typiske symptom som feber, muskel- og leddsmerte, i tillegg til hoste og rennande nase bør du ikkje oppsøka legekontoret, seier Myklebust. 

– Det er ikkje vits å oppsøka legevakt for å få påvist det du allereie veit. Er du smitta bør du pakka deg godt inn og kvila. Det er også store sjansar for at du kan smitta andre på legekontoret. 

Er ein derimot febersjuk i mange dagar utan at det blir betre, og det blir tyngre å pusta, må ein sjølvsagt oppsøka lege, seier han. 

Bør vaksinera seg

Ifølgje Folkehelseinsituttet har folk aldri vaksinert seg meir mot influensa, enn dei to siste åra.  

Myklebust minnar om at folk i risikogruppene bør vaksinera seg mot viruset. Dette er  folk over 65 år, alle med hjarte- og lungesjukdomar, små barn og folk sum elles er utsette. 

– For å førebyggja er god handhygiene alltid viktig. Om ein er smitta er det ekstra viktig. Ein må også nysa og hosta i albuen, og unngå å spreie viruset i lufta kring seg, seier Myklebust. 

Til toppen