KOMMUNEREFORM: Status for kommunereform var oppe som drøftingssak i kommunestyret i Lærdal torsdag. Foto: Ina Eirin Eliassen
KOMMUNEREFORM: Status for kommunereform var oppe som drøftingssak i kommunestyret i Lærdal torsdag. Foto: Ina Eirin Eliassen

– Kommunereform i blinde

– Hovudproblem at dette er ein samanslåingsprosess i blinde. Prosessen blir styrt av andre enn oss, men me kan ikkje sitje å håpa på at det går over, seier Jan Olav Fretland (Sv).

SÅ LANGT: Jan Olav Fretland (Sv) orienterte kommunestyret i Lærdal om kommunereform. 
Foto: Ina Eirin Eliassen​

Fretland er leiar for gruppa som organiserar arbeidet med kommunereform i Lærdal. 

Då han orienterte om arbeidet under ei drøftingssak i kommunestyret sist torsdag, fortel an at det tok lang tid før arbeidet kom i gang. Gruppa har no på nyåret hatt to møte om kommunereform. 

1. juli 2016 er fristen kommunestyret har på seg til å utgreie alternativ og eventuelt gjera vedtak om kven dei ønskjer å slå seg i lag med.

Heile Sogn?

Sogn regionråd er i gang med utgreiing, der eit alternativ er å slå saman alle kommunane i Sogn. I tillegg har ordførarane i Lærdal og Aurland fått spørsmål frå Årdal, om å lage ei utgreiing mellom dei tre nabokommunane. Fretland nemner også at forslaget frå fylkesrådmann er å slå saman heile fylket til ein kommune. 

LANG TID: Olav Grøttebø (V) spør om å sjå på fleire alternativ til kommunereform.
Foto: Ina Eirin Eliassen​

– Ein brukar langt tid på fellesutgreiing. Bør me vurdere å utgreie flere alternativ til kven å slå oss i lag med? seier Olav Grøttebø (V). 

Han legg også til at det er realistisk med kommunar på mindre enn 25 000 innbyggjarar i den nye kommunereformen. 

– Arbeidet skulle vore i gang for eit halvt år sidan, men det er ikkje realistisk å ha eigne utgreiingar før Sogn regionråd er ferdig med si utgreiing. Me bør heller spele inn forslag til fellesutgreiinga til regionrådet, seier Fretland til kommunestyret.

Ikkje spesielt motivert

Solheim seier han ikkje veit kor langt arbeidet i regionrådet har kome, men at han ventar meir informasjon denne veka. I tillegg har ordføraren fått signal om at også Årdal kommune avventar arbeidet i regionrådet, før dei gjer noko meir. Solheim ser også for deg å snakke med ordførar i Årdal, Arild Ingar Lægreid, denne veka, og Solheim vil gje informasjon så snart det er noko nytt å melde.

– Eg kan ikkje seie eg er spesielt motivert for arbeidet. Eg er Senterparti-politikar, og godt nøgd med stortingsfolk som seier det går an å vera eit par tusen i ein kommune, seier Solheim. 

Til toppen