– BEST ÅLEINE: – Det er vår jobb som lokalpolitikarar å snu utviklinga og me må seia ifrå at me ikkje tolererer meir sentralisering, seier Marit Breistøl (Sp) under kommunestyremøtet torsdag. Foto: Ina Eirin Eliassen
– BEST ÅLEINE: – Det er vår jobb som lokalpolitikarar å snu utviklinga og me må seia ifrå at me ikkje tolererer meir sentralisering, seier Marit Breistøl (Sp) under kommunestyremøtet torsdag. Foto: Ina Eirin Eliassen

Kommunereform: Vil halde alle tre alternativa opne 

Sjølv om Marit Breistøl (Sp) tidleg kom med framlegg om å legge vekk alternativet om ei samanslåing mellom Årdal, Lærdal og Aurland, trekte ho det då dei andre partia ikkje vil snevre inn alternativa heilt enno.  

Lærdal: Eit samrøystes kommunestyre vil arbeide vidare mot intensjonsavtale med dei tre alternativa; lærdal åleine, Lærdal i lag med Årdal og Aurland (ÅLA), og ein storkommune i Sogn. Det var i tråd med tilrådinga frå utvalet for kommunereform i Lærdal

Arbeidet med intensjonsavtalar startar alt i januar, der det blir lagt opp til at avtalane blir inngått i mars 2016. Kommunereform skal opp til folkerøysting mot sommaren 2016. 

Sp: – Berre Lærdal, eller storkommune

Marit Breistøl (Sp) var klar i talen til kommunestyret. For lokaldemokratiet, tillit og nærleik mellom innbyggar og folkevald meiner Sp det er best at Lærdal står åleine. 

– Eg slit med det kommunalministeren skriv, om at ein kommunereform vil styrka lokaldemokratiet, og at bakgrunnen for reformen er ein følge av år med sentralisering. Det er vår jobb som lokalpolitikarar å snu den utviklinga og me må seia ifrå at me ikkje tolererer meir sentralisering, seier Breistøl. 

Men om kommunestrukturen skal endrast, mener Sp at det er best å ta del i ein storkommune, då ÅLA-alternativet ikkje blir stort nok i innbyggartal. Likevel legg ho vekt på at det ikkje handlar om å ikkje ville samarbeida med Årdal og Aurland, då det er gode samarbeidsordningar mellom kommunane. 

– Trur velgarane blir skuffa om me legg vekk ÅLA

Kristen Olav Grøttebø (Ap) peika på at at det interkommunale samarbeidet mellom ÅLA er framheva i rapporten frå Telemarksforsking. Han håpar ÅLA-alternativet blir skikkeleg utgreidd, slik at innbyggarane får det som eit reelt alternativ som dei kan velga. 

– Det trur eg dei fleste ønskjer. Det er Årdal, som me har støtta oss på å alle år. Det avgjerande må vera kva som er best for Lærdal og innbyggarane, og ikkje minst at dei unge blir høyrde. Men reform betyr på ny, då må den vera betre, seier Grøttebø, som undrar seg over at ikkje ÅLA-ordførarane har møtst for å diskutere samarbeid. 

Frode Myklebust (V) støttar Ap. 

– Me har snakka varmt om samarbeid mellom ÅLA i valkampen, og gjer det framleis, sjølv om det er nokre skjær i sjøen. Me ønskjer å sjå til dei kommunane som høyrer saman, slik som også NHO tilrår. Me vil også halde alle tre alternativa opne, for kva om forhandlingane om ein storkommune havarerer, spør Myklebust. 

– Trugar med pisk

– Leiaren i kommunalkomiteen (Frp) har uttalt at dei som ikkje veljer alternativ, skal bli straffa økonomisk. Her er det tydleg at pisk og armod er trugsmålet, seier Jarle Offerdal (Ap).

– Me er opne for å leika med alle, om alle vil leika med oss, seier Trond Øyen Einemo (H).

Også Annike Vanberg (SV) støttar å halde seg til tre alternativ, for å få eit breiast mogleg bakteppe å ta ei avgjerd ut ifrå. 

– Me ser vel kva Aurland vil

Ordførar Jan Geir Solheim (Sp) seier som svar til Grøttebø, at både ordførarar i Aurland, Årdal og Sogndal har vore inviterte til drøftingar, for å diskutere realiteten i kommunereform. 

– Det har vore til dels håplaust og det er i alle fall ikkje slik at Lærdal har vore minst på tilbodssida. Det har vore ein lang prosess og diffust kva me eigentleg skal diskutere. Me ordførarar har mellom anna hatt møte i Årdal, men konklusjonen har vore å vente på den regionale utgreiinga. Det har vore utryggleik, og det er ingen tvil om den kjem frå regjeringskontora. Det har vore litt pisk, men ingen har sagt klart kva som skjer om me ikkje slår oss saman med nokon, seier Solheim. 

Han legg til at reformen handlar om kor stor ein blir etter reformen, der talet er sett til over 10.000 innbyggarar, noko som gjer at ÅLA ikkje er stort nok.

– Kva er vitsen då? Det er mykje jobb å greie ut eit ekstra alternativ. Det Breistøl prøvde å seie, var å redusere talet på alternativ for å køyre prosessen framover. Me som les aviser, ser vel også kva Aurland vil. Dei vil ikkje vera med Årdal og Lærdal. Eg likar betre det som skjer i Luster, dei er tydelege på kva dei vil. Me sitt her til Lærdal sitt beste, då må me vera tydelege, seier ordføraren. 

Grøttebø lurar på logikken bak at Lærdal er stort nok, men ikkje ÅLA. Kåre Mentz Lysne (Ap) seier avslutningsvis etter Breistøl trekte framlegget, at det er viktig å vera opne i prosessen, og ikkje låse seg til alternativ før arbeidet med intensjonsavtalar startar over nyttår. 

 

Til toppen