VIKTIG VAL: – Me står no framfor eit år der mykje av framtida for lærdølene og resten av Sogn skal avgjerast. For Lærdal Ap sin del er det viktig at det er innbyggarane som skal væra med på å bestemme kvar kommunegrensene skal vere i framtida, skriv Kåre Mentz Lysne, ordførarkandidat for Lærdal Arbeiderparti. Arkivfoto: Ina Eirin Eliassen
meiningar
VIKTIG VAL: – Me står no framfor eit år der mykje av framtida for lærdølene og resten av Sogn skal avgjerast. For Lærdal Ap sin del er det viktig at det er innbyggarane som skal væra med på å bestemme kvar kommunegrensene skal vere i framtida, skriv Kåre Mentz Lysne, ordførarkandidat for Lærdal Arbeiderparti. Arkivfoto: Ina Eirin Eliassen
meiningar

Kommunereforma, folkeavrøysting og demokrati

Les kommentaren av Kåre Mentz Lysne, ordførarkandidat for Lærdal Arbeiderparti.

I 1837 vart formannskapslova vedteken og Lærdal kommune etablert. Kommunen omfatta då Lærdal, Borgund og Årdal. I 1860 (etter 23 års ekteskap) vart Årdal skilt ut som eigen kommune, og i 1864 vart Borgund skilt ut. Slik var det i nøyaktig 100 år fram til 1964 då Borgund på nytt vart ein del av Lærdal kommune. Den siste endringa kom i 1992 då Frønningen vart overført frå Leikanger kommune til Lærdal kommune.

Me står no framfor eit nytt vegskilje der kommunegrensene skal setjast for dei neste generasjonar lærdøler og sogningar. Regjeringa har bestemt at kommunane skal greie ut nye og større kommunar. Lærdal kommune har vedteke at det skal utgreiast tre alternativ:

  •  Eigen kommune som i dag
  •  Slå seg saman med Årdal og Aurland
  •  Ein storkommune samansett av kommunane i Indre Sogn (evt. heile Sogn regionråd)

Sogn regionråd held no på med utgreiingar som skal være grunnlag for å kunne gjera eit val mellom vedtekne alternativ, noko som skal væra gjort innan 1. juni til neste år. Dette vil være eit av dei viktigaste vala som er blitt gjort i Lærdal noko gong.

Dette vil være eit av dei viktigaste vala som er blitt gjort i Lærdal noko gong. 

Lærdal AP meiner då sjølvsagt at innbyggjarane i kommunen skal væra med på å avgjera dette valet igjennom ei eiga folkeavrøysting. Dette på tvers av politiske grenser. I alle partia er det ulike meiningar om kva som er det beste alternativet i dag. Mykje av dette er no basert på subjektive følelsar og lite fakta. Me skal ha såpass respekt for den utgreiing som no pågår at me får mest mogeleg fakta på bordet før me gjer opp vår endelege meining. Målet må vera å velja det alternativet som gagnar innbyggjarane best.

Kommunelova slår fast at ei slik folkeavrøysting vil være rådgivande. Politisk vil underteikna sjølvsagt handtere ei slik avstemming vidare som bindande. Ein anna faktor som vil komme til å væra med på å avgjera Lærdal kommune si framtid er om dei andre kommunane ynskjer eit eventuelt samarbeide med Lærdal. Me har ei relativ høg lånegjeld og me kom svært dårleg ut på siste kommunebarometer! Er me eit attraktivt ekteskapsalternativ? Dette må ein også ha avklart før ei folkeavrøysting.

Med nye kommunegrenser vil også det politiske kartet endre seg. Dette er ikkje noko demokratisk problem, men eit uttrykk av folks si meining. Det at Ap er stor i Årdal og at Sp er stort i Gloppen er eit uttrykk for kva grunnleggande politisk syn det er i desse samfunna. Dersom Sogn regionråd (-Høyanger) blir ein ny kommune, så kan det politiske kartet sjå om lag ut som følgjande:

Som me ser så er innbyggarane i Sogn grunnleggande sosialdemokratiske, er det eit demokratisk problem? Sjølvsagt ikkje, det syner berre kva grunnleggande haldningar me sogningar har.

Me står no framfor eit år der mykje av framtida for lærdølene og resten av Sogn skal avgjerast. For Lærdal Ap sin del er det viktig at det er innbyggarane som skal væra med på å bestemme kvar kommunegrensene skal vere i framtida. Derfor går me inn for ei eiga folkeavrøysting.

 

Til toppen