KRITISK: Nestleiar i Årdal Senterparti, Hilde Horpen, skriv at den forlenga fristen kommunane har fått til å slå seg saman er enno eit forsøk på å framtvinga samanslåingar frå regjeringa. Arkivfoto
KRITISK: Nestleiar i Årdal Senterparti, Hilde Horpen, skriv at den forlenga fristen kommunane har fått til å slå seg saman er enno eit forsøk på å framtvinga samanslåingar frå regjeringa. Arkivfoto

MEININGAR

Kommunereforma - ja til folkestyre, nei til tvang

Det er innbyggjarane som veit det beste for sin kommune, ikkje ein sentral person i det sentraliserte Oslo, skriv Hilde Horpen, nestleiar i Årdal Senterparti.

  • Endret

Kommunereforma til regjeringa har vore ei av dei største sakene dette året. Over heile landet har det vore haldt informasjonsmøter og folkerøystingar. Regjeringa sin intensjon har vore at tenestene blir betre jo færre og større kommunar me får i landet. Likevel viser undersøkingar og kommunebarometer at innbyggjarar i dei mindre kommunane er dei som er mest nøgde med tenestene. Senterpartiet er forkjemparen for eit sterkt folkestyre og levande lokalsamfunn, og set innbyggjarane sine meiningar og ynskjer øvst på lista.  

Også her i fylket har kommunereforma skapa store overskrifter og diskusjonar. Meiningane har vore mange og motstridande, og i fleire av kommunane har det vore folkerøystingar. Eit fåtal av kommunestyra gjekk etter folkerøystingane inn for samanslåing, medan resten sa nei. Nokre kommunar fekk heller ikkje høve til å ta del i dette, blant anna Lærdal og Årdal, fordi kommunane vart ufrivillig åleine og stod utan alternativ. 

Etter politikarane hadde fatta vedtak innan fristen 1. juli gjekk kommunalministar Jan Tore Sanner ut og forlenga fristen for kommunane. På den måten får folkevalde ekstra tid for å revurdere vedtaka, og i følgje Sanner gjerne halde nye folkerøystingar og fatte nye vedtak, helst vedtak som seier ja til kommunesamanslåing.

Vedtaka frå kommunane må bli sett på når fylkesmennene skal teikne dei nye kommunekarta. Vedtaka er der for ein grunn. Innbyggjarane som sa ja til å halde fram som eigen kommune gjorde det fordi dei har tru på kommunen sin, ynskjer eit levande lokaldemokrati og tenester nær folk. Politikarane lytta til innbyggjarane fordi det er det som er oppgåva til folkevalde. Folket i dei enkelte kommunane er dei som best veit korleis tenestene og kommunen fungerer, og bør vera i framtida. Det blir då feil om nokon skal sitte i Oslo å bestemme korleis kommunekarta skal sjå ut. 

Senterpartiet meiner ein skal lytte til dei lokale, til innbyggjarane i kommunane. Det er innbyggjarane som veit det beste for sin kommune, ikkje ein sentral person i det sentraliserte Oslo. Senterpartiet seier ja til folkestyre og nei til tvang, fordi me har tillit til innbyggjarane i kommunane og levande lokalsamfunn.


Hilde Horpen

Kommunestyrerepresentant og formannskapsmedlem

Nestleiar Årdal Senterparti 

Fylkesstyremedlem Sogn og Fjordane Senterungdom

Til toppen