KAN KOME AVGJERD: Det er forventa at det vil kome ei avgjerd om framtida til kommune-Norge i kveld. Foto: arkiv.
KAN KOME AVGJERD: Det er forventa at det vil kome ei avgjerd om framtida til kommune-Norge i kveld. Foto: arkiv.

Kommunereforma: Kan kome avgjerd i kveld

Ordførarane i Sogn er spente før dommen fell.

Sogndal/Balestrand/Leikanger: Regjeringspartia Frp og Høgre har i lengre tid forhandla med Venstre og Kristeleg Folkeparti om kommune- og fylkessamanslåingar.

– Eg er veldig spent på utfallet. Det er eit stort og viktig spørsmål om korleis vi skal organisere kommunane våre i framtida. Svaret vil få store ringverknader for Leikanger, seier ordførar Jon Håkon Odd (Ap).

Gjennom fleire oppslag i nasjonale media har ordførar Jon Håkon Odd i Leikanger vorte eit symbol på motstanden mot kommunereforma. No ventar han i spaning på avgjerda som kan kome i kveld.
Gjennom fleire oppslag i nasjonale media har ordførar Jon Håkon Odd i Leikanger vorte eit symbol på motstanden mot kommunereforma. No ventar han i spaning på avgjerda som kan kome i kveld.

No er det ting som tyder på at ei semje er innan rekkevidde.

Les også: Han er skuffa. Han er nøgd. Han er letta
Les også: Dei borgarlege partia slit med å bli samde om kommunereforma

Kan kome til semje i kveld

Ei avklaring har tidlegare blitt lova fleire gonger, men ei SMS-uteksling med ein av forhandlingsdeltakarane tyder på at ho no er nærare enn nokon sinne. 

– Veit meir i kveld, svarer leiar i kommunalkomitéen på Stortinget, Helge André Njåstad i Frp, på spørsmål om når dei forventar å vere i mål. 

I den påfølgande tekstmeldinga svarer han at ei eventuell semje vil bli offentleggjort «når det er klart».

Dei knappe svara kan sjølvsagt tolkast på fleire måtar, men uansett når dommen fell, er ordføraren i Leikanger oppgitt over at skjebnen til kommunen no blir avgjort over forhandlingsbordet:

– Alle må ønskje det

– Leikanger har gjort jobben. Vi har undersøkt alternative samanslåingar, forhandla med nabokommunane, avholdt folkerøysing og behandla saka to gongar i kommunestyret. Når vi gjer ein så grundig prosess så skulle eg ønske at folkeviljen vart høyrt, seier han.

JA OG NEI: Ordførar i Sogndal, Jarle Aarvoll, er positiv til samanslåing med nabokommunane, men ønskjer ikkje tvang.
JA OG NEI: Ordførar i Sogndal, Jarle Aarvoll, er positiv til samanslåing med nabokommunane, men ønskjer ikkje tvang.

Lekkasjar frå forhandlingane tyder på at det ikkje vil skje. Seinast fredag publiserte VG ei liste over tolv kommunar som kan bli tvinga i hop. Både Balestrand og Leikanger er på den lista, sjølv om dei folkevalde og innbyggjarane begge plassar har sagt nei tvangsekteskap med naboen Sogndal.

– Skal me få til noko, så må alle ønskje det, seier ordførar Jarle Aarvoll (Ap) i Sogndal. 

Han vil ikkje spekulere i utfallet av forhandlingane mellom dei borgarlege partia før det blir offentleggjort. Samstundes trur han ikkje at lekkasjane er tatt ut av lufta.

–  Eg vil først vente på meldinga som kjem, om det blir i kveld eller seinare, seier han.

Vil gjere det beste ut av det

Ordførar Harald Offerdal (Ap) i Balestrand vart overraska då han fekk sjå at kommunen han styrer figurerer på regjeringa si «tvangsliste».

– Eg hadde i utgangspunktet slått det ifrå meg. Det skal bli spanande å sjå kva dei kjem med. Me får berre vente å sjå, seier han.

Han veit ikkje kva kommunen kjem til å gjere dersom tvang faktisk bli utfallet.

– Me har ikkje fått diskutert noko, no er det berre rykte. Dersom Stortinget gjer eit vedtak, så må me forhalde oss til det. Men eg er ikkje særleg begeistra for dette her, seier han.

I Leikanger er ordføraren budd på å gjere det beste ut av situasjonen, dersom den uønska beskjeden skulle kome allereie i dag.

– Først brukar vi kvelden på å vere skikkeleg gretne. Så går vi i gang neste morgon for å lage ei best mogleg løysing for innbyggjarane og næringslivet i det som blir den nye kommunen, seier Jon Håkon Odd.

Til toppen