TRE ALTERNATIV: Dei folkevalde i Årdal meiner kommunen burde jobba vidare med tre alternativ til kommunesamanslåing, men ønskjer først og fremst å stå åleine. Foto: Truls Grane Sylvarnes.
TRE ALTERNATIV: Dei folkevalde i Årdal meiner kommunen burde jobba vidare med tre alternativ til kommunesamanslåing, men ønskjer først og fremst å stå åleine. Foto: Truls Grane Sylvarnes.

Kommunereformen: Årdal ser på tre alternativ

Fredag førre veke var det felles formannskapsmøte for kommunane i Sogn der kommunereformen vart drøfta.

Årdal: Nyleg leverte Telemarkforskning ein fyldig rapport bestilt av Sogn regionråd der ein argumenterte for kva alternativ som passa Sogn best.

I kjølvatnet av dette bestemte formannskapet i Årdal seg for kva alternativ dei ønskjer å gå vidare med dersom Stortinget pålegg kommunane auka og endra oppgåveomfang som ikkje kan løysast av ein kommune på Årdal sin storleik.

Årdal åleine

Først og fremst meiner politikarane at Årdal fint kan stå åleine.

– For vår del i Senterpartiet hadde me ei tydeleg programformulering i samband med valet. Haldninga vår er at me ville vera med på utgreiingsarbeidet, og no har me fått ein rapport. Konklusjonen er avhengig av korleis inntektssystemet vil sjå ut, og dette kan endre seg fort med regjeringa. 

– Difor vel eg ikkje å leggje for stor vekt på dette, men heller dei prinsippa som går på kommunestruktur, lokaldemokrati og innbyggjarpåverknad, og at ein skal vera nær innbyggjarane ein skal tena. Og så er det ikkje nokon løyndom at me meiner Årdal er rusta til å stå åleine, seier Aleksander Øren Heen (Sp).

Må henge med

Hilmar Høl (Ap) la vekt på kor viktig det er at Årdal ikkje melder seg ut av prosessane som no foregår i Sogn. 

– Det er viktig at me heng med. Det er fordelar med ein storkommune også. Det er eit større politisk tyngdepunkt inn mot sentrale myndigheiter og det byråkratiske liv dersom me står saman i motsetnad til at me står på kvart vår Nes og ropar.

Sjølv om administrasjonen la vekk Årdal, Lærdal og Aurland-alternativet i tilrådinga si, ville han og Arbeidarpartiet ha punktet med likevel sidan dette er tre kommunar som opp gjennom åra har samarbeida på mange område. Det er eit faktum at Aurland er ikkje lysten på samarbeid.

– Dette er kanskje det som er framheva som det mest naturlege, men realiteten er at ein ikkje møter endra oppgåvesamansetnad. Det blir ikkje ein særleg større kommune i folketal. Eg meiner at det alternativet skal leggjast daudt, argumenterte Heen.

– Bør stoppe no

Om under eitt år skal kommunane i Noreg ha bestemt seg for kva dei ønskjer, og det neste som står på lista reformprosessen i Sogn er at kommunane skal inngå intensjonsavtalar med dei naboane dei meiner gir det beste alternativet. 

Heen meinte då at politikarane burde stilla seg spørsmålet om målet faktisk er ein intensjonsavtale, eller om ein gjer det fordi ein føler ein må. 

– Oppgåvene til Årdal kommune er hovudsakleg innanfor skule og pleie og omsorg. Korleis ein skal løysa dei betre med ein større kommune, er eg usikker på. Viss regionrådet føler dei gjer dette fordi dei må, så må dei setja ned foten og stoppa no, sa han.

Folkerøysting

Men Høl vil halde døra på gløtt. 

– Me må ta realitetane inn over oss. Me kan ikkje stenga dørene fordi me trur folk vil ha det slik, sa Høl og la til at til sjuande og sist er det folket som skal bestemme kva ein ønskjer. 

Her vart dei folkevalde einige om at kommunen tek stilling til folkerøysting i samsvar med framdriftsplanen til Sogn regionråd, når alternativa er klårare, intensjonsavtala er klar, og i samråd med dei kommunane som på det tidspunktet er aktuelle alternativ. 

Til toppen