PROTESTERTE: Nokre av tilhøyrarane på kommunestyremøtet protesterte med plakatar, men til ingen nytte. Det blir ei samlokalisering av helsetenestene i kommunen. Foto: Truls Grane Sylvarnes.
PROTESTERTE: Nokre av tilhøyrarane på kommunestyremøtet protesterte med plakatar, men til ingen nytte. Det blir ei samlokalisering av helsetenestene i kommunen. Foto: Truls Grane Sylvarnes.

Kommunestyret går for felles helsehus

Kommunestyresalen var fyllt opp til randen då avgjerda fell. Det blir ei samlokalisering av helsetenestene i Årdal kommune.

Eit felles helsehus i Årdal kommune har skapt enormt med engasjement sidan saka kom opp. Etter at prislappen på 14,9 millionar kroner blei klar har innbyggjarane vortne endå meir delte i synet på om dette er eit riktig steg å ta.

Når det skulle røystast for ei samlokaliserings, vann dei som var for eitt helsehus fram med tolv mot ni røyster. 

– Det gjekk slik eg antok, og det var vel denne kontrollen me hadde frå Arbeidarpartiet si sida, at me skulle dra dette i land. Det er ei vanskeleg sak, og me såg ut frå folk som var i salen at her var det mykje motstand og kjensler, men  egvil jo seia at viss me politikarar alltid skal vekkast av kjensler og ikkje det me trur på, så hadde me heller ikkje vore politikarar, seier Hilmar Høl (Ap) til Porten.no.

– Var det fornuften som sigra?

– Det er alt etter kva innfallsvinkel ein har til saka, byrjar John Normann Melheim (Ap), som også talte for eitt helsehus.

Artikkelen held fram under biletet.

NØGD: Hilmar Høl (Ap) har tala for eit felles helsehus heile vegen og er nøgd med avgjerda.
NØGD: Hilmar Høl (Ap) har tala for eit felles helsehus heile vegen og er nøgd med avgjerda.

– Men det som er fornuftig no har eg inntrykk av er å få saka ut av verda og forhåpentligvis gå tilbake til normale tilstandar i lokalsamfunnet. 

Øren Heen ikkje overraska

Det blei fremja fleire forslag om å både stoppa og utsetja prosjektet, men desse forslaga blei alle røysta imot med ni mot tolv stemmer. Aleksander Øren Heen (Sp) i opposisjonen er ikkje overraska.

– Det er eg ikkje. Det blei vel signalisert at det var eit fleirtal i Ap-gruppa som ville gå for denne investeringa, men det gjer det jo ikkje noko betre. Eg er framleis ueinig. 

– Eg synest det er leit at ein ikkje kan lytta til dei innbyggjarane som ser at dette i dag er feil bruk av pengar, seier han til Porten.no.

Artikkelen held fram under biletet.

IKKJE OVERRASKA: Aleksander Øren Heen (Sp) røysta mot, men er ikkje overraska over utfallet.
IKKJE OVERRASKA: Aleksander Øren Heen (Sp) røysta mot, men er ikkje overraska over utfallet.

Han er ikkje skuffa.

– Nei, eg er ikkje det. Når du er i opposisjon så lenge i Årdal, lærer du deg å ikkje bli skuffa fordi du er vand til å tapa så mange saker. Eg kjenner kommunestyret, og dei som kan telja, skjønte vel at det vart slik. 

Protesterte med plakatar

Saka har dermed endeleg fått ei avslutning etter titals år med debattar. Samtlege av politikarane som gjekk på talarstolen innleia innlegga sine med at dette er ei vanskeleg sak.

Bakarst i rommet sat det fleire tilhøyrarar som viste og gav uttrykt for kva dei meinte. Blant anna hadde nokon med seg plakatar dei haldt fram, og då det vart tala mot eit helsehus, blei rommet fylt med applaus.

– Me må respektera at folk reagera på det for faktumet er at me om eit års tid kjem til å stengja det eine legekontoret i Årdal og samkøyra desse tenestene, seier Høl.

– Det er ei ny tid for Årdal. Me må sjå på fleire og fleire ting me kan samkøyra for å dra ned to av alt-diskusjonen vår, samstundes som me ser ut mot nabokommunane og ser kva me kan samarbeida om. Me må ta nokre dristige val for å få samfunnet framover, for det er det dette handlar om, så får me berre ta den kjeften ein får, men det må me tola.

På veg ut blei politikarane møtt med plakatar med bodskapen «Stopp galskapen» og «De byggjer ned Årdal. Rasering!!!».

God pris på prosjektet

Det var bruken av nesten 15 millionar kroner i ei tid der kommunen slit økonomisk som var bakgrunnen for reaksjonen. Det blei blant anna stilt spørsmål ved kostnadene først og fremst ein ny heis og eit nytt tak medførte i rådmannen si tilråding.

NI MOT TOLV: Slik såg røystinga ut. På biletet ser ein dei ni som røysta mot eit felles helsehus.
NI MOT TOLV: Slik såg røystinga ut. På biletet ser ein dei ni som røysta mot eit felles helsehus.

Desse momenta, saman med nokre andre ting, kom inn i etterkant av då dei 10,5 millionane først blei vedteke fordi ein såg på dette som fornuftig å ta i same venda.

– Etter våre vurderingar har me fått gode prisar. Det er god timing, og ein del av tinga måtte ha komme uansett om ein skulle samlokalisera eller ikkje, seier rådmann Frank Westad.

Manglar tillit til tala

Det betyr ikkje at dette er den rette løysinga, meiner Øren Heen, som reagerte på både timinga og det økonomiske aspektet.

– Eg meiner det er uansvarleg å bruka opp det fondet me har. Det vil stå att 800 000 kroner viss dette går gjennom og me held oss innenfor rammene. Eg meiner det er lite pengar å ha bakhånd, seier han held fram.

Artikkelen held fram under biletet.

FÅR KRITIKK: Rådmann Frank Westad (til høgre) får kritikk av nokre av politikarane, som seier dei kjenner seg lurt.
FÅR KRITIKK: Rådmann Frank Westad (til høgre) får kritikk av nokre av politikarane, som seier dei kjenner seg lurt.

– Eg har liten tillit til at desse tala held, både på bakgrunn av prosessen i denne saka og andre prosjekt som i kommunen der ein ikkje akkurat har heldt seg innanfor kostnadsramma.

Trygg på at dette ikkje er eit nytt «kulturhus»

Rådmannen hevda også at det var mogleg å få forhandla ned den nemnde summen, og Melheim er trygg på at dette er eit prosjekt som ikkje vil sprekka, slik det berømte kulturhuset på Årdalstangen gjorde.

– Ja, det er eg trygg på. Ut frå dei reaksjonar og føringar som er gitt frå det politiske miljøet, så har rådmann hatt eit ekstra band på seg når det gjeld å kvalitetssikra tal og gå ekstra rundar med entreprenørar og rådgjevarar for å sikra oss. 

– I tillegg så har jo me fått opplyst at det no er lagt inn reserverar og marginar i prosjektet som skal ta imot prisstigningar i byggeperioden, seier han.

Til toppen