SNUDDE: Anders Fretheim (MDG) fekk med seg eit fleirtal for vilkårsrevisjon, og ordførar Noralv Distad (t.h.) hamna dermed blant mindretalet. Foto:Ole Ramshus Sælthun
SNUDDE: Anders Fretheim (MDG) fekk med seg eit fleirtal for vilkårsrevisjon, og ordførar Noralv Distad (t.h.) hamna dermed blant mindretalet. Foto:Ole Ramshus Sælthun

Kommunestyret snudde saka om Aurlandsvassdraget

Etter ein lang og til dels krass debatt enda saka om revisjon av konsesjonsvilkåra for Aurlandsvassdraget med ti mot sju røyster for revisjon.

Aurland: Dermed gjekk kommunestyret i Aurland mot vedtaket som vart gjort i formannskapet, der det vart eit knapt fleirtal for å heller gå i forhandlingar med kraftprodusenten E-CO Energi.

Les også: Leiaren for elveeigarlaget uroa for framtida til Aurlandsvassdraget

Les også: Går mot forhandlingar om skjerpa miljøkrav i Aurlandsvassdraget

Argumenta til dei som ville ha forhandlingar, var hovudsakleg at kommunen vart sitjande att som ein høyringsinstans og mista moglegheit til innverknad. Vidare at ein uansett hadde høve til å be om revisjon seinare.

Dei som argumenterte for vilkårsrevisjon meinte dette ville sikra best faglege vurderingar og at det uansett ville vera overhengande fare for at ein fekk krav om revisjon seinare dersom ein gjekk inn i forhandlingar - og såg såleis ikkje poenget med å dra dette ut.

- Respektlaust

- Me ivaretek dei almenne interessene ved å gå inn for revisjon. Ved forhandling er eg redd me viklar oss inn i noko me ikkje ser konsekvensane av, sa Anders Fretheim (MDG).

Dette fekk ordførar Noralv Distad (H) til å tenna:

- Det er respektlaust å seia at våre eigne folk ikkje har evne til å ta vare på interessene i denne saka.

Men Fretheim sitt framlegg om revisjon fekk fleirtal, ti mot sju røyster.

Porten.no kjem tilbake med ordvekslinga i debatten

Til toppen