TOLMODIG DUO: Petter Stokke og Petter Håland ventar tolmodig i kø utanfor Meieriet for å få kjøpt billettar til fadderveka.
TOLMODIG DUO: Petter Stokke og Petter Håland ventar tolmodig i kø utanfor Meieriet for å få kjøpt billettar til fadderveka. (Foto: Halvor Farsund Storvik)

Kompisar overtalde dei til å flytta til Sogndal

I dag inntok nær 900 nye studentar Sogndal. Alle har forskjellige forklaringar på kvifor dei valde å komma akkurat hit, men naturen er ein av fellesnemnarane.

Sogndal: I dag markerte høgskulen i Sogndal studiestart. I den endelause køa inn til billettkontoret på Meieriet fann me to karar som begge vart lokka til bygda av kameratar som allereie studerer her. 

LANG REKKE: Onsdag var det lang kø utanfor Meieriet av studentar som ville sikra seg billettar til fadderveka. Foto: Halvor Farsund Storvik

– Kompisen min inviterte meg hit eit par gongar, og så stod me på ski og litt sånn. Det var ganske så nice, seier Petter Stokke, som allereie då oppdaga at han òg likte studentmiljøet.

– Eg vil ikkje vera i ein storby, som Oslo eller Bergen. Eg må ha ein litt meir roleg plass. Her er det fin natur, og mykje å finna på, ski, fotball, klatring. Eg har lyst til å prøva ut mykje forskjellig, seier Petter Håland.

Fagleg påfyll

Begge skal studera ungdomssosiologi, og ser fram til å læra eit nytt fag.

– Eg gler meg veldig. Eg var på eit slikt informasjonsmøte i dag, og det verka veldig spanande, seier Stokke.

– Eg søkte på vernepleie, men kom ikkje inn der. Då vart det ungdomssosiologi, men eg gler meg til det òg. Eg tenker at no må eg komma i gang, for eg har vore to år på folkehøgskule, så det må til, seier Håland.

LOKKA AV NATUREN: Desse ferske friluftsstudentane let seg lokka til Sogndal av dei gode tilhøva for å driva aktivtetar som ski, sykling og klatring. Frå venstre: Vilde Tjomsland, Knut Marius Kjåstad (bak), Hedda Romberg og Helle Seiertun Bjerke. Foto: Halvor Farsund Storvik

Snøen trekk opp

På friluftslinja er det naturleg nok mange ferske studentar som har blitt lokka hit av naturen.

VÅTT: Eit lett duskregn ønska studentane velkomen til første skuledag på Fosshaugane Campus. Foto: Halvor Farsund Storvik

Fire av dei har nettopp sjekka ut standen til Lurkarlaget i sentrumsparken.

– Eg hadde høyrt frå folk som har gått her tidlegare at det er gode snøforhold og godt klatremiljø. Det har hatt mykje å seia, seier førsteårsstudent Helle Seiertun Bjerke om kvifor ho valde å studera i Sogndal.

Vilde Tjomsland har allereie gått eitt år på folkehøgskule i Sogndal, så ho visste kva ho valde.

– Eg var liksom ikkje lei, og ville ha eit par år til i Sogndal, seier ho.

Til toppen