UTFOR: Karl-Kristian Muggerud syner eksplosive triks i Jotunheimen.
UTFOR: Karl-Kristian Muggerud syner eksplosive triks i Jotunheimen. (Foto: Sondre Loftsgarden)

Kompisgjeng vil syna at ein ikkje må til Chamonix - Jotunheimen har alt

Dei møttest gjennom studiar i Sogndal og hadde ski som felles interesse. No har dei reist til Raudal, Eidsbugard og Turtagrø for å syne fram stortslått natur og skikøyring på fiilm.

Sogndal: – Me ville besøka tre stader i Noreg som folk hadde kjennskap til, så me reiste til Raudal, Eidsbugard og Turtagrø, seier Karl-Kristian Muggerud og Sondre Loftsgarden. 

Dei prata lenge om å gjera eit filmprosjekt saman og enda opp med å syne fram interessa for skikøyring frå desse tre stadene. 

Sjå galleri nederst i saka.

Hurrungane var eit naturleg val

– Me var ein månad på kvar stad og lagde ein episode frå kvar tur. Me er ambassadørar for Madshus og fekk dekka opphaldet av sponsoren vår mot at me laga film frå det me dreiv med. 

Muggerud var ikkje i tvil om kva område han og Loftsgarden skulle reise til innanfor grensene til fylket. 

– Hurrungane var naturleg å reise til sidan eg har budd her i fem år. Det er eit kjent område, og sidan me ikkje hadde køyrt mykje på ski der tidlegare, tenkte me det var fint å koma dit.

Dårlege snøforhold i vinter

Sjølv om det var ein lang vinter, var likevel ikkje skientusiastane heilt imponerte over snøforholda i Jotunheimen. 

– Det var litt lite snø i år, så me fekk ikkje gjera alt me hadde lyst til. Likevel blei det jo nokre fine turar, så me har fått produsert litt materiale sånn som me ynskja. 

Vil oppleve endå meir av Jotunheimen

TRIVEST: Sondre Loftsgarden tykkjer Hurrungane og Turtagrø er heilt unikt. Foto: Karl-Kristian Muggerud

Kompisane vil tilbake til Turtagrø og Jotunheimen så fort som mogleg for å utforske fjellkjedene og naturen endå meir. 

– Det er ganske unikt på Turtagrø, og det skiføret som er opp til Hurrungane. Fyrst og fremst er fjella unike, men når snøen kjem, blir det jo heilt vilt. Dei fjella der er noko av det villaste me har tilgjengeleg. Det at vinteren var dårleg, gjer til at me er endå meir svoltne på å reise attende for fleire prosjekt der, seier Loftsgarden. 

Muggerud er einig. 

– Eg håpar me kan utforske endå fleire område i tida framover og i neste sesong. Det må vera den staden i landet der det er mest lagt til rette og mest potensiale for skikøyring. 

Tek forholdsreglar før tur

Med triksing og skikøyring i fjellet fører det litt ansvar med seg, men dette har kompisane god kontroll på når dei legg ut på tur med kameraet. 

– Me har alltid i bakhovudet at det kan koma skred. På Turtagrø var det jo så varmt at det utløyste sørpeskred, men me vurderer heile tida og pratar ofte med andre som har lagt ut på turen før oss for å få tips, seier Muggerud. 

Vil bli verande i Saftbygdi 

Sjølv er han frå Darbu mellom Hokksund og Kongsberg, men no freistar friluftslivet i Sogndal han til å bli verande. 

– Eg trur eg må jobbe litt med å få dialekta til å sitte, men det blir nok vanskeleg å reise frå alt dette. Det er fint der eg kjem frå òg, men eg likar meg best i Sogndal. 

Og kva er den beste staden de har vitja av dei tre turane de har laga film frå? 

– Eg kan ikkje velja, det er fint på kvar sin måte. Eg likar veldig godt Turtagrø, og det er fleire ting eg har lyst å testa ut der. Det er massivt og ein god del skumlare der, men på ein bra måte. Rett og slett majestetisk, seier han. 

VENNEGJENG: Sondre Loftsgarden og vener forevigar minner i Hurrungane på film. (Foto: Karl-Kristian Muggerud)
NØGD: Karl-Kristian Muggerud. (Foto: Sondre Loftsgarden)
FLOTT: Hurrungane. (Foto: Sondre Loftsgarden)
VÅGALT: Store Austabotntind. (Foto: Sondre Loftsgarden)
STOREN: Store Skagastølstind. (Foto: Sondre Loftsgarden)
MORO: Skikøyring i Jotunheimen byr på meirsmak for kompisane. (Foto: Sondre Loftsgarden)
BLID: Sondre Loftsgarden. (Foto: Karl-Kristian Muggerud)
STRÅLANDE: Karl-Kristian Muggerud på skikøyring under heilt blå himmel. (Foto: Sondre Loftsgarden)
Til toppen