KJEM HEIM: Sogndøl og Steven Spielberg-dobbeltgjengar Aage Aaberge kjem til heimbygda for å fortelja om livet i filmbransjen.
KJEM HEIM: Sogndøl og Steven Spielberg-dobbeltgjengar Aage Aaberge kjem til heimbygda for å fortelja om livet i filmbransjen. (Petter Berg)

Kon-Tiki-produsenten kjem til heimbygda på filmfestival

Filmfestivalen i Sogndal har lokka kjendisar til å halda føredrag i over eit tiår. Men når dei skulle finna ein kandidat med Oscar-merittar, måtte dei ty til ein sambygding.

Sogndal: I april kjem produsent Aage Aaberge til Sogndal Filmfestival for å halda føredrag om filmkarriera. 

– Me er veldig fornøgde med å ha fått han til festivalen. Han er eit kjent namn i bransjen og har jobba med mykje spennande, seier Thea Wigum i Sogndal Filmfestival.

Han har jobba med film i nærmare førti  år. Mest kjend er han for å ha produsert Kon-Tiki, den norske spelefilmen som vart nominert til Oscar i 2013. No er han aktuell med den Harald Zwart-regisserte filmen Den 12. Mann.

Har draget på kjendisar

Sogndal Filmfestival vert i år arrangert av medielinja på vidaregåande i Sogndal for trettande gong. I sentrum står gallakvelden og kåringa av årets kortfilm. Barn og unge frå heile landet kan senda inn bidrag.

Tidlegare har kjente namn som Leo Ajkic, Anders Baasmo Christiansen, Erling Borgen, Susanne Boucher, Linda Eide og Erik Poppe alle halde føredrag på filmfestivalen.

Kjendistekket har ikkje kome av seg sjølv:

Fleire føredragshaldarar i ermet

– Me jobbar hardt for å få det til, og så har me lærarar med gode kontaktar i bransjen. I tillegg har festivalen opparbeidd seg eit bra namn sidan starten for tretten år sidan, seier Wigum.

Ho seier folk har mykje å sjå fram til.

– Me har enno føredragshaldarar me ikkje har røpa enno, men som òg er spanande namn. Ellers jobbar me hardt for at festivalen skal bli så god som mogleg, seier ho.

Til toppen