MUSIKK: Sogn og Fjordane fylkeskommune, høgskulen i Sogn og Fjordane og Utviklingssenter for sjukeheim og heimeteneste i Sogn og Fjordane inviterer til konferansen «Når orda sluttar» om musikk og musikkterapi i eldreomsorga. Foto: David Zanig. 
MUSIKK: Sogn og Fjordane fylkeskommune, høgskulen i Sogn og Fjordane og Utviklingssenter for sjukeheim og heimeteneste i Sogn og Fjordane inviterer til konferansen «Når orda sluttar» om musikk og musikkterapi i eldreomsorga. Foto: David Zanig. 

Konferanse om musikk i eldreomsorg

Målet er å motivere kommunane til å tenkje tverrfagleg i eldreomsorga, samt å heve musikkompetansen blant helsepersonell.

Indre Sogn: Det er Sogn og Fjordane fylkeskommune, høgskulen i Sogn og Fjordane og Utviklingssenter for sjukeheim og heimeteneste i Sogn og Fjordane som inviterer til konferansen «Når orda sluttar» om musikk og musikkterapi i eldreomsorga.

– Det skal ikkje vere avhengig av kvar du bur i landet om det er god eldreomsorg. Me må utfordre kvarandre til å tenkje nytt, annleis og kreativt, seier Marta Strandos, leiar i Utviklingssenter for sjukeheim og heimeteneste i Sogn og Fjordane.

Frå forsking veit ein at musikken er noko av det siste mennesket mistar og noko som kan hjelpe med å nå inn til menneske. 

Det er ingen sjukdom å vere gamal, og difor er det viktig at eldreomsorga ikkje har eit einsidig fokus på det sjuke, men òg det friske hjå menneske. Musikk er ikkje berre tidsfordriv, men òg ein helseressurs.

– Me treng musikkterapeutar i kommunane for å møte morgondagens utfordringar i eldreomsorga, seier Jorunn Bakke Nydal i Sogn og Fjordane fylkeskommune.

Konferansen finn stad i Førde på Høgskulen i Sogn og Fjordane i september. 

Til toppen