FEKK LØN FOR STREVET: Konfirmantane fekk løn for strevet etter at dei samla inn mest pengar i Sogn og Fjordane under Fasteaksjonen. Foto: Jonny Asperheim.
FEKK LØN FOR STREVET: Konfirmantane fekk løn for strevet etter at dei samla inn mest pengar i Sogn og Fjordane under Fasteaksjonen. Foto: Jonny Asperheim.

Konfirmantane fekk løn for strevet

Konfirmantkullet for 2014 i Øvre Årdal sokn vart påskjønna med pizzakveld i kyrkjelydsalen som takk for stor innsats ved fasteaksjonen i vår.

  • Endret

Fasteaksjonen er ein årleg innsamlingsaksjon der konfirmantar for året samlar inn pengar til Kirkens Nødhjelp sitt arbeid. 

Konfirmantane, soknerådet, konfirmantforeldre og andre bøsseberarar i Øvre Årdal sokn hadde god grunn til å feira etter at dei var flinkast i Sogn og Fjordane og Hordaland (Bjørgvin) ved innsamlinga «Kirkens Nødhjelp sin Fasteaksjon». 

260 kyrkjelydar og 11.500 bøsseberarar var med i konkurransen.

Auka med 68 prosent

Innsamlingsaksjonen gjekk føre seg i mars månad. Bøsseberarane i Øvre Årdal samla inn 37.418 kroner. I fjor samla dei inn 22.220 kroner.

Det betyr ei auke på 68 prosent som altså var beste resultatet totalt i regionen. 

I tillegg til å auka mest, måtte bøsseberarane finna to gullbillettar for å ta del i konkurransen.

Desse billettane var utplasserte i to ulike hus i innsamlingsområdet. Dette er eit lite knep for å testa om bøsseberarane har dekka heile området. Begge billettane vart funne og målet var nådd. 

Premien for innsatsen var ein kveld med pizza, brus og godteri. Nokre leikar på tampen av arrangementet vart det og. 

Reint vatn til ein heil landsby i Tanzania

Gunnar Kartveit frå Kirkens Nødhjelp i Bjørgvin var til stades ved tilstellinga. Han sette stor pris på den gode jobben som konfirmantane hadde gjort og slo fast at årdølene var med å dra opp landsgjennomsnittet.

Årdal totalt samla inn 10 kroner pr innbyggar i 2014. Landsgjennomsnittet var 7,15 kr. 

– Med innsamlinga til årdølene kan det til dømes skaffast reint vatn til ein heil landsby i Tanzania, seier Kartveit. 

I eit lysbileteforedrag fortalde - og synte han med gode døme kva dei innsamla pengane vert brukt til.

– Pengane vert elles brukt der nauda er størst, seier han. 

Viktig arbeid

Kateket Inger Anne Eldegard leia samankomsten, og ho understreka kor viktig dette arbeidet er.

– Det er viktig fordi det vert samla inn midlar til hjelp til menneske i naud. Det er vidare viktig for dei som veks opp her i Noreg med den velstanden som me har å verta gjort merksam på levekår i andre land, og få lov å vera med og bety noko for andre.

– Det er viktig for alle menneske, og eg tenkjer at dei no ser at dei kan gjera ein skilnad om dei bryr seg eller ikkje, seier Eldegard. 

40 år med TV-aksjon 

I år er det 40 år sidan NRK starta med TV-aksjonane. Årets TV-aksjon er tildelt Kirkens Nødhjelp, og varaordførar Anne Helene Hollevik Brandsdal er leiar i kommiteen i Årdal.

Ho stilte opp og gratulerte konfirmantane med det flotte resultatet. Ho synest det er flott at Årdal er best to år på rad. I fjor var det Nedre Årdal sokn og i år Øvre Årdal sokn. 

Ho nytta høvet til å fortelja om årets TV-aksjon som er den 19. oktober, og inviterte dei som var til stades til å vera bøsseberarar. Ho fortalde at pengane som vert samla inn skal gå til reint drikkevatn, vatn til matlaging, klesvask og dagleg hygiene i land som Sudan, Etiopia, Somalia, Afganistan, Sør-Sudan, Pakistan, Tanzania og Haiti. 

Ho fortalde vidare at 780 millionar menneske verda over har ikkje tilgang til reint vatn. 41.000 born døyr kvar dag av diaré. I tillegg døyr 2 350 personar kvar dag på grunn av feilernæring, ureina vatn, manglande tilgang på toalett, sanitære fasilitetar og hygiene. 

I 2009 døydde eitt barn av vatnrelaterte sjukdomar kvart 15. sekund. 

I 2013 skjedde det same kvart 21. sekund. Denne skilnaden reddar livet til 1 645 born kvar dag.

– Dette syner at det nyttar å hjelpa, seier Hollevik Brandsdal. 

Støtte frå Årdal mottakssenter 

– Årdal Mottakssenter vil gjerne støtta innsamlingsaksjonen, seier Gunn Lerøy som var til stades saman med Berhe Michael.

Dei vil arrangera sal av mat på torget i Øvre Årdal 11. oktober. Inntektene vil gå til TV-aksjonen. 

Dersom du ønskjer å vera bøsseberar, kan du melda deg på telefon 02025, på SMS ved å senda TVA til 2080, eller på Facebook.com/TVAKSJONEN.

Til toppen