TERRENGSNOBB: Range Rover klarer å vere både ein skikkeleg luksusbil og ein terrengbil. Om eigaren nokon gong tek den med utanfor allfarveg, er eit anna spørsmål. FOTO: Morten Abrahamsen / NTB tema
TERRENGSNOBB: Range Rover klarer å vere både ein skikkeleg luksusbil og ein terrengbil. Om eigaren nokon gong tek den med utanfor allfarveg, er eit anna spørsmål. FOTO: Morten Abrahamsen / NTB tema

Konge på vegen

Range Rover Sport er stor og brautande – og ein glimrande langturbil.

I dagens bilmarknad er det SUV-en som dominerer, både i Noreg og elles i verda. Det finst ei nærmast ubegripeleg mengd slike modellar. Utgangspunktet var ein gong i tida at desse bilane kunne bevege seg der ingen skulle tru at nokon kunne bu, men det er neppe lurt å ta med seg den moderne gjennomsnitts-SUV-en særleg langt unna asfaltert underlag.

Ein kan diskutere om det var Range Rover eller Jeep som var først ute med å sivilisere terrengbilane og dermed skapte det som seinare blei til sjangeren SUV. Det dei to merkene uansett har til felles, er at dei tviheld på solide terrengeigenskapar.

Noko som kan opplevast litt merkeleg når ein set seg inn i ein ny Range Rover. For dette er ein svær bil med eit svært høgt utstyrsnivå innvendig. Her er det meir lêr enn i ein fetisjklubb, og eit generelt materialnivå som gjer at ein føler for å vere rein og pen i tøyet når ein sit bak rattet.

Luftmotstand

Samtidig tøysar dei altså ikkje med offroad-eigenskapane. Bilen har eit batteri av program som får deg opp steinrøyser ein ville gått rundt dersom ein var til fots.

Utgåva vi testar, er ein Range Rover Sport, som har noko lågare takprofil enn utgåva utan Sport i namnet. Samtidig inneber det å kalle den nettopp Sport ein ganske frisinna bruk av ordet. For bilen er ei grandios kasse, der låg luftmotstand ikkje har vore spesielt sentralt i utviklinga av køyretøyet. Den er nær 180 centimeter høg og veg 2,1 tonn, så nokon lettbeint kar er det ikkje.

Det trengst med andre ord ein ganske solid motor for at den ikkje skal bli ein Range Rover Slow, noko som også er poenget med denne testbilen. Under panseret er det ein treliters V6-dieselmotor som nyleg blei oppgradert, med høgare ytingar og lågare forbruk.

Artikkelen held fram under biletet

OPPGRADERT MOTOR: Motoren har fått meir effekt og lågare forbruk. Samtidig er det ein stor og tung bil, så den brukar ein del drivstoff.
OPPGRADERT MOTOR: Motoren har fått meir effekt og lågare forbruk. Samtidig er det ein stor og tung bil, så den brukar ein del drivstoff.

Langturkomfort

Med 306 hestekrefter og eit dreiemoment på 700 newtonmeter er dette ein motortype som passar veldig bra til bilen. For skal ein først bevege seg inn i det øvre sjiktet av Suv-ane, må ein har pengar til ein kraftig motor.

Ein får den også med ei tilsvarande motorblokk der ytingane er 211 hestekrefter. Då tek null til hundre over 10 sekund. Med 306 hestekrefter tek same øving sju sekund. Det som er vel så viktig med denne ganske så kraftige motoren, er at den er momentsterk. Den bryr seg i det heile ikkje om at ein har mykje last, sikkert ikkje om ein har noko på slep heller. Akselerasjonen er ikkje brutal, den kjem meir i eit tungt sig.

Artikkelen held fram under biletet

PLASS: Bilen er stor, men det finnes mange stasjonsvogner som har langt bedre plass enn de 489 literne man finner her. Range Rover Sport har heller ikke delbar bakluke slik man finner på den vanlige Range Rover-modellen.
PLASS: Bilen er stor, men det finnes mange stasjonsvogner som har langt bedre plass enn de 489 literne man finner her. Range Rover Sport har heller ikke delbar bakluke slik man finner på den vanlige Range Rover-modellen.

Vi tok bilen på ein lengre tur, med mykje motorveg, og det er vanskeleg å tenkje seg ein bil med meir langturkomfort enn dette.

Ein får ei mild kjensle av å vere konge på vegen, der ein ser ned på så å seie alle bilar ein passerer. I marsjfart er det lite motor- og vindstøy, seta er behagelege, og den adaptive cruisekontrollen er enkel å bruke, likevel litt treig til å reagere når farten blir sett opp etter ei nedbremsing. Motoren brummar til dersom ein treng det, og det justerbare understellet gjer at bilen kjennest flat og stabil i svingar.

Greitt forbruk

Sikta framover og til sidene er formidabel med dei store vindaugeflatene, samtidig er den høge og rette forma litt utfordrande. Ein har kjensla av at ein småbil kan bli borte i skuggen av fronten, og dette er definitivt ein bil der ryggekamera er ein stor fordel.

Den reviderte motoren leverte eit snittforbruk på litt over 0,8 liter per mil på dei 80 mila vi køyrde. Mykje av køyringa var over 100 kilometer i timen på motorveg, der det er ei temmeleg stor flate som skal presse seg gjennom lufta. Ein tank på 77 liter gjer at bilen har god rekkevidde, noko som er eit behageleg poeng når ein skal langt.

Etter fleire timar bak rattet kjennest det som ein har sete i sofa og slappa av når ein kjem fram. Storbilkjensla er ganske komplett, men det er eit par ting som ikkje heilt når opp til forventa nivå. Mulitmedieskjermen er rett og slett ganske bakpå samanlikna med dei naturlege konkurrentane til bilen. Det er ei peikeskjerm med småklein grafikk, her er det rom for solide forbetringar.

Artikkelen held fram under biletet

KOSTBART: Interiøret kjennest både eksklusivt og elegant, sett vekk frå multimedieskjermen, som verken ser særleg bra ut eller fungerer optimalt.
KOSTBART: Interiøret kjennest både eksklusivt og elegant, sett vekk frå multimedieskjermen, som verken ser særleg bra ut eller fungerer optimalt.

Konkurrentar

Kva ein eigentleg skal med ein bil som dette, er eit relevant spørsmål. Men med tanke på kor svoltne folk er på SUV-ar, er dette på mange måtar den ultimate draumebilen. Noko som speglar seg i prisen. Varianten vi testa er den aller best utstyrte, og ifølgje importøren er det dei høgste utstyrsnivåa kundane i Noreg vel.

Prismessig ligg bilen eit stykke over dei tyske konkurrentane, men den er meir eksklusiv enn BMW X5, Audi Q7 og Mercedes-Benz GLE. Faktisk er det Volvos rimeleg ferske XC90 som kjennest like eksklusiv innvendig, men den blir levert berre med firesylindra motorar, noko som kanskje ikkje fell i smak hos alle.

Mogleg Maseratis Levante kan matche den, og det er grunn til å tru at Bentley Bentayga legg seg på ei endå høgare hylle. Medan Porsche Cayenne er ein langt meir sportsleg variant av dei store Suv-ane.

I terrenget, der det ikkje er lov til å køyre i Noreg, vil garantert Range Rover Sport vere sjef.

(UNDERSAK) Tekniske data: Range Rover Sport SDV6 Autobiography Dynamic

Pris: 1.383.900.-

Pris testbil: 1.670.250.-

Motor: 6 syl. diesel. 2 turboar. 2993 ccm. 306 hk v. 4000 o/min. 700 Nm v. 2000 o/min

Aks: 7 sekund

Toppfart: 210 km/t

Forbruk: 0,64 l/mil (landeveg), 0,79 l/mil (by), 0,70 l/mil (blanda)

Utslepp: 185 gram/kilometer CO2. 71 milligram/kilometer NOx.

Mål (LxBxH): 4850/1983/1780 millimeter

Bagasjerom: 489/1761 l

Eigenvekt: 2128 kilo

Tilhengjarvekt: 3500 kilo

Til toppen