HØG HEKK: Femte generasjon Land Rover Discovery framstår framleis som ein diger bil, trass i at hjørna har blitt runda av.  FOTO: Morten Abrahamsen / NTB tema.
HØG HEKK: Femte generasjon Land Rover Discovery framstår framleis som ein diger bil, trass i at hjørna har blitt runda av.  FOTO: Morten Abrahamsen / NTB tema.

Konge på vegen

Vil du ha plass og ta plass, er Land Rover Discovery ein bil det er vanskeleg å oversjå.

Den nye Discovery-modellen frå Land Rover er nær eit halvt tonn lettare enn utgåva den erstattar. Nå vegar den «berre» 2,1 tonn, kva for eit seier noko om dimensjonen på denne farkosten.

Dette er ein XL-SUV.

Bilen har no kome til generasjon fem, og er storebror i Land Rovers modellinje. Discovery 5 har vakse litt i lengda samanlikna med forgjengaren, den er også fire centimeter høgare og har litt større akselavstand. Vi snakkar om ein bil som med to seterader i bruk tar 1.137 liter med bagasje.

Med eit vanleg førarkort er det få andre bilar som gir sjåføren kjensla av å ta opp så mykje plass på vegen. Ein sit i dei øvre luftlag, og det er som om ein dinglar med beina når ein køyrer.

Artikkelen held fram under biletet.

UTVAL: Billigaste Discovery startar på 844.000 og har ein dieselmotor på 180 hestekrefter. Om ikkje lenge er han også klar som varebil på den norske marknaden.
UTVAL: Billigaste Discovery startar på 844.000 og har ein dieselmotor på 180 hestekrefter. Om ikkje lenge er han også klar som varebil på den norske marknaden.

Førre versjon var ei litt raffinert pappkasse når det gjeld aerodynamikk, no har Discovery fått ei heilt annan og meir avrunda form, som ein Discovery Sport der kopimaskinen har stått på 125 prosent.

Toler skitne slagstøvlar

Noko dei har tatt med frå tidlegare, er eit skeivt plassert nummerskilt, noko som gir ein litt merkeleg visuell effekt bakfrå. Det er som om noko ikkje stemmer, uansett korleis ein ser på det så blir det feil. Den firkanta og massive bakenden på førre generasjon takla det skeive skiltet, medan den rundare forma ikkje heilt får dette til å sitje.

Mange av detaljane utvendig kjenner ein igjen frå Range Rovers modellar, som lyktene og fronten, men bilen kjenner sin plass i selskapshierarkiet og er nokre knepp mindre luksuriøs innvendig. Sjølve layouten er lik Range Rovers, men materialar og estetikk er jamt over enklare og meir plastikkaktig. No må ikkje det tolkast dit at det er ein simpel bil, det meste blir jo litt stussleg samanlikna med ein Range Rover. Ein Land Rover skal dessutan tole skitne slagstøvlar og våte hundar, då er det liten vits i å ha djupe teppe og hanskemjukt skinn frå tak til golv.

Artikkelen held fram under biletet.

ENKLARE: Samanlikna med ein Range Rover er interiøret likt i utforming, men i enklare materialar.
ENKLARE: Samanlikna med ein Range Rover er interiøret likt i utforming, men i enklare materialar.

Noko av poenget med ein Land Rover, som truleg er ganske poenglaust for dei aller fleste som kjøper ein slik bil i Norge, er at han har seriøse terrengeigenskapar. Her til lands har ein ikkje lov til å køyre utanfor oppmerkt veg, og er vegen du køyrer på så dårleg at du treng ein Discovery for å komme fram, er det høgst sannsynleg ikkje meininga at du skal køyre på han.

Grandios

På normal veg er det ei grandios kjensle å sitje bak rattet i bilen. Ein ser ned på så å seie alt anna, og dimensjonen på kupeen er så det nesten blir ekko om ein snakkar. Setet er så høgt at det tar litt tid å finne riktig sitjestilling. Vinkelen ned til pedalane følast først som nær loddrett. Når ein har løyst det, er det god komfort. Interiøret er godt organisert, med nokre formidable oppbevaringsrom i midtkonsollen og andre stader, men det vert opplevd som litt gammaldags. Konsernkollega Jaguar har eit meir moderne opplegg her. Og tar ein ein kikk i ein typisk konkurrent som Audi Q7 blir forskjellen verkeleg stor. Då trur ein at Discoverys interiør er frå tida før smarttelefonane kom.

Artikklen held fram under biletet.

SLEKT: Fronten har ein del fellestrekk med Range Rover-modellane, som er litt meir raffinerte både innvendig og utvendig.
SLEKT: Fronten har ein del fellestrekk med Range Rover-modellane, som er litt meir raffinerte både innvendig og utvendig.

Køyreeigenskapane minner sjåføren på at dette er ein svær bil, det er snakk om å flyte av garde, ønskjer ein noko som smett igjennom svingar vel ein rett og slett ikkje ein bil som dette. Motoriseringa på testbilen er frå Jaguar og Land Rovers Ingenium-serie. Her ein firesylindra dieselmotor på 240 hestekrefter med 500 newtonmeter i dreiemoment. Han har bra med skyvekraft, men han klarer ikkje å skjule at bilen har ein solid masse. Lar ein girkassen stå i normal modus, blir det treigt, noko som til ein viss grad kan parerast med å be han vere meir sportsleg. Utan at ein på noko som helst vis skal bli villeia til å tru at bilen dermed skiftar frå slagstøvlar til joggesko.

Stamtavle

Uansett har Discovery ei stamtavle som få andre. Produsenten er ikkje ein produsent som nettopp har komme å på at det er mykje pengar å hente i SUV-sjangeren, dei har halde på med terrengbilar like lenge som dei har halde på med bilar. I snart 50 år har dei laga eleverte versjonar av bilar som toler eit liv utanfor allfarveg. Først med Range Rover frå 1970 og så med Discovery frå slutten av 80-talet.

Til forskjell frå andre SUV-ar til over millionen verkar det ikkje dristig og dumt å dundre opp ei bratt og gjørmete kneik i Discovery 5. Land Rover er bilverdas svar på ein Norseman-deltakar, men den nye Discovery har tatt av seg treningstøyet og bytt til finklede.

(©NPK)

Til toppen