Kongeleg benk på plass i Galdane

Sjå bileta av dei nye Kongeveg-benkane som no er på plass. 

Lærdal: Kongevegbenken er designa av landskapsarkitekt MNLA Rune Vik, og vert plassert ut på utvalde stader langs Kongevegen over Filefjell.

No er benken som skal stå i Galdane i Lærdal på plass, og den tar seg godt ut langs den historiske kongevegen. 

Grunntanken bak designet er setet i ei hestevogn sidan Kongevegen var det første køyrevegen mellom aust og vest.

Liknande benkar skal setjast opp på totalt elleve ulike stader langs vegen.

– Ideen er at han skal vera eit gjenkjenneleg element for strekninga. Dei fleste benkane skal stå ute i naturen, men enkelte vil stå inn mot bygningar, så den må passe inn over alt, sa Vik til Porten.no då me skreiv om benken tidlegare i år. 

Til toppen