Linn Dyveke Wilberg i aksjon (t.v). Vinnar av dameklassen Dyveke Wilberg, og vinnar av herreklassen Torbjørn Grimen.(t.h)
Linn Dyveke Wilberg i aksjon (t.v). Vinnar av dameklassen Dyveke Wilberg, og vinnar av herreklassen Torbjørn Grimen.(t.h) (Foto: privat)

Kongeløpet gjekk av stabelen laurdag

Sjølv med dårleg vêr var det folk som møtte opp for å springe kongeløpet og gå kongemarsjen i Gulen laurdag.

Linn Dyveke Wilberg med prisen etter løpet. Foto: privat

Gulen: – Eg følte meg trygg på å vinne, men du veit aldri før du har sprunge ferdig løpet, seier Linn Dyveke Wilberg.

Ho vann dameklassen i årets kongeløp. 

–  Det er eit ganske langt og tungt løp, med mange stigningar på slutten. Så ein må disponere det. Men samtidig er det ganske flatt i starten, så ein må gønne på litt òg for å få ei bra tid, seier ho.

Ho har vore med på alle løpa utanom det første, og kjenner til løypa. Ho meiner det heilt klart ein fordel. 

Marsjen med dårlegare oppmøte enn vanleg

– Det gjekk fint trass grafsevêret, seier Viggo Randal frå Skjerjehamn som var med å  arrangere løpet. 

Han kunne melde om litt lågare oppmøte enn tidlegare år, ikkje berre grunna vêret, men det var ein del skadeforfall. Totalt var det 19 stykker som sprang kongeløpet, og 26 som gjekk marsjen. 

– Det var nok spesielt marsjen som hadde litt dårlegare oppmøte enn vanleg grunna vêret, seier han, om løpet som er arrangert for sjette året med løpet.

Oppladning til heilmaraton

I løpet er det ein herre- og dameklasse i tillegg til lag-klasse. Dyveke Wilberg var på team Mjømna, der laget bestod av to stykker. Dei tok ein andreplass som lag.

Team Mjømna bestod av Severin Rokne og Linn Dyveke Wilberg. Foto: privat

– Det var meg og naboen. Me var 20 sekund bak førsteplassen, seier ho. 

Sjølv spring ho mykje sjølv og likar at det er eit lavterskeltilbod for alle. Og vêret stoppa ho ikkje. 

– Dette vêret er så mykje betre enn sol og 20 varmegrader, seier ho og ler.

– Dette var ein fin oppladning. Om eit par veker reiser eg til Berlin for heilmaraton

Til toppen