NAPP: Kong Harald fekk napp i Lærdalselvi laurdag kveld. Foto: Jan Christian Jerving
NAPP: Kong Harald fekk napp i Lærdalselvi laurdag kveld. Foto: Jan Christian Jerving

Kongen fekk fisk på kroken

Kong Harald var på ny på plass for å sikre seg laks i Lærdalselvi laurdag kveld. 

I desse dagar er Kong Harald på privat besøk i Lærdal.

Laurdag kveld var kongen ute for å prøve fiskelykka i Lærdalselvi. Men akkurat kor stor fisk det vart, er ikkje frilansjournalist for Porten.no Jan Christian Jerving sikker på. Han oppdaga det kongelege følget då han køyrde forbi Ljøsne skule seint laurdag kveld. 

Ikkje første gongen

Kong Harald bur truleg hos ven og skipsmegler Hans Rasmus Astrup, som eig Kapteinsgarden på Wendelbo på Ljøsne.

Kongen har fiska i Lærdal sidan 1953, og då budd mykje på Kapteinsgarden.

Det er no to år sidan kongen sist var på laksefiske i Lærdalselvi. Då elva var ramma av Gyrodactylus salaris og stengt sidan 1996, var kongen på plass så snart elva var friskmeld og opna att i 2013. 

I 2013 fekk det kongelege følget åtte fiskar, den største på 14 kg. Kongen sjølv fekk ein laks på 6,2 kg, men då det var holaks vart do slept ut att, ifølgje Sogn Avis

Ivrig laksefiskar

Tidlegar i sommar melde Altaposten at kongen var på laksefiske i Altaelva, ein tur han brukar å ta årleg. 

I fjor uttalte rådmann i Lærdal, Alf Olsen jr, som har vore kleppar for Kongen, at den store lidenskapen til Kong Harald er laksefisket. Likvel har Kong Harald også vore på hjortejakt i dei bratte fjellsidene i Lærdal, skriv NRK Sogn og Fjordane. 

Slottet gir ingen kommentar til Kong Harald sine private reiser. 

FISKAR: Kong Harald får her fisk på kroken i Lærdalselvi.
FISKAR: Kong Harald får her fisk på kroken i Lærdalselvi.
Til toppen