Det er Miljødirektoratets feltpersonell i Statens naturoppsyn (SNO) som dokumenterer skader som rovvilt gjer på beitedyr. Tala viser at kongeørna i år har gjort mindre skade på beitedyr enn den har gjort nokre av dei ti førre åra, skriv Miljødirektoratet på sine nettsider.
Kongeørna tek mest rein i mai, medan sauen er mest utsett i juni. Då kalvar reinen, og lamma blir sleppte i utmarka. Rundt åtte av ti rein som blir drepne av kongeørn er kalvar, medan om lag ni av ti sauer som går tapt til kongeørn er lam.

Fristen for å søke erstatning for sau tapt til rovvilt gjekk ut 1. november, og ifølgje statistikken blir det påvist relativt få ørneskadar på slutten av året, noko som er naturleg, sidan dei fleste sauene no er henta inn frå beite.
– Generelt er mellomstore byttedyr, som ryper og hare, viktige for kongeørna. Dei er av overkomeleg størrelse, på same måte som reinkalvar og lam. At kongeørna forsyner seg mest av beitedyr tidleg på sommaren, kjem av at den klekker egga i mai. Ungane veks fort og har stort behov for mat dei første levevekene, seier direktør Pål Prestrud i Statens naturoppsyn (SNO). (©NPK)