KONGEVEGEN: Marianne Solheim.
KONGEVEGEN: Marianne Solheim. (Foto: Privat )

Kongevegbussen er straks i rute att

Det kjem fram i ei pressemelding.

Lærdal: Kongevegbussen byrjar å gå i rute att frå måndag 29. juni. Den vil gå i rute dagleg til og med søndag 16. august.

Bussen har rute kvar dag frå Lærdal rådhus kl. 08.30 og kjem til Tyinkrysset kl. 09.50, der den korresponderar med Valdresekspressen NW160.

Kongevegbussen er køyrd av Solheim Taxi ved Marianne Solheim.

Buss for vandrarar og bygdefolk

Bussen er til for vandrarar langs Kongevegen og bygdefolk som internrute i Lærdal/Filefjell/Vang. Den tek bagasje, syklar på stor sykkelhengar og hundar. 

Kongevegbussen er eit svært viktig infrastrukturtiltak for Kongevegen over Filefjell, både for at vandrarar kan komme seg til dei ulike strekningane, og for bedriftene som høyrer til bedriftsnettverket.  

Bussen er òg viktig lokalt, då den går på fylkesvegar (gamle E16) som ikkje lenger har bussruter etter at E16 gjennom Lærdal vart lagt om.

Kongevegen over Filefjell er ei 100 kilometer lang vandrerute frå Vang i Valdres til Lærdalsøyri i Lærdal. Vegen frå 1793 er i ferd med å bli ein populær destinasjon og besøket er i sterk vekst.

Til toppen