Lærdal: – Eg synst det er ei utruleg flott løype, kongevegen er nyrestaurert og naturen er storslått. Då har eg lyst til å dele det med flest mogleg andre, så dei får sjå kor fint det er, seier Bjørghild Holien, leiar i friidrettsgruppa Lærdal IL, som arrangerer terrengløpet.

Søndag er det nemleg klart for den femte utgåva av terrengløpet Galdane Rundt. Løypa er på 8,7 kilometer, for det meste på gras, og følgjer den historiske kongevegen. I år er løypa meir aktuell enn nokon sinne då vegen har hausta mange gjeve prisar i år, mellom anna kulturminneprisen til EU.
Marius Vedvik har løyperekorden på knallsterke 29:56 minutt sett i fjor og Ingvild Vedde har rekorden blant damene sett i 2015 på 39:56 minutt. Kven av storkanonane som kjem i år er usikkert, på grunn av NM i terrengløp som blir arrangert i Vik dagen før.
Holien håpar at bygdefolket ikkje let seg skremme uansett kven som skulle dukke opp. For ho er det viktig at terskelen for å melde seg på skal vere så låg som mogleg.
– Eg håpar det blir ei fin ramme rundt utan for mykje fokus på tider, men at flest mogleg blir med og har det kjekt, seier Holien.
Påmeldingsfristen i konkurranseklassa går ut ved midnatt i kveld, men det er likevel høve for etternølarar å melde seg ved start på løpsdagen innan kl 12.00. Mosjonistane melder seg på ved start.