VANN PRIS: Kongevegen vann tysdag den prestisjetunge Vakre vegars pris, som vegdirektøren deler ut. Foto: Jan Christian Jerving.
VANN PRIS: Kongevegen vann tysdag den prestisjetunge Vakre vegars pris, som vegdirektøren deler ut. Foto: Jan Christian Jerving.

Kongevegen er vakrast i landet

Kongevegen fekk vegdirektørens prestisjetunge pris.

Kongevegen fekk tysdag Vakre vegars pris, som er vegdirektørens hederpris til vegar med gode estetiske kvalitetar tilpassa sine omgjevnader.

Vegen over Filefjell, som går mellom Vang i Valdres og Lærdal, stod ferdig i 1793 og er den første køyrevegen mellom Austlandet og Vestlandet. 

I mange år har det blitt utført restaureringsjobb på den historierike vegen med sine spektakulære bruar og svingar.

Artikkelen held fram under biletet.

MAJESTETISK: Kongevegen er ei spektakulær skue.
MAJESTETISK: Kongevegen er ei spektakulær skue.

– Det systematiske arbeidet med restaurering av Kongevegen er eit førebilete på samarbeid mellom fleire forvaltningsorgan for å kombinera kulturminnebevaring med tilrettelegging for friluftsliv og næringsutvikling.

– Ein vandretur langs Kongevegen vil gi ei unik oppleving kombinert med å få kunnskap om ein viktig del av norsk samferdselshistorie. Vegen er eit kulturminne med stor nasjonal verdi, står det i grunngjevinga til juryen.

Det har vore sherpaar frå Nepal med spesialkompetanse på bygging av tørrmur har samarbeida nært med lokale anleggsfolk. Ein samanhengande turvegforbindelse som følgjer den gamle vegen frå Vang til Lærdalsøyri er målsetninga for arbeidet.

Dessutan har vegen skapt grunnlag for verdiskaping i det lokale næringslivet.

Til toppen