Lærdal: Odd Helge Brugrand frå Lærdal er tilsett som dagleg leiar og prosjektleiar for Kongevegen over Filefjell, eit nettverk av kring tretti bedrifter i Valdres og Sogn. Det opplyser selskapet i ei pressemelding fredag.

Totalt omset bedriftene for om lag 100 millionar kroner i året.
– I tillegg til å koordinere drifta av nettverket, skal Brugrand utvikla turpakker, selga og marknadsføra Kongevegen som vandredestinasjon, og utvikla ulike prosjekt, seier Knut Horvath Maristuen, styreleiar i selskapet bak bedriftsnettverket, i pressemeldinga.
- Les óg: Sensasjonelt funn av historiske kart over Kongevegen
- Les óg: Her avdukar dei EU-kulturminna sitt svar på Oscarprisen
Kontor i Tallin
Brugrand gjekk frå journalistjobben i NRK til bedriftsnettverket for Kongevegen i mars. Til dagleg vil han halda kontor i Tallinn, der han bur. I feriar og i sesongen vil han derimot vera på plass lokalt, i Lærdal og i Vang.
Kongevegen over Filefjell
- Kongevegen over Filefjell var den første køyrevegen mellom Austlandet og Vestlandet, beordra av Christian VII (Frederik VI) og bygd i 1790-åra.
- I dag er vegen restaurert til ei ti mil lang vandrerute mellom Vang i Valdres og Lærdalsøyri i Lærdal.
- I 2015 fekk Kongevegen over Filefjell «Vegdirektørens Pris» også kalla «Vakre Vegars Pris».
- I 2017 fekk Kongevegen over Filefjell den høgsthenganede kulturminneprisen til EU, Europa Nostra, som det første veghistoriske kulturminnet nokon gong.
– Eg har tru på Kongevegen, seier Brugrand i pressemeldinga.
– Her kan eg utnytta den gode jobben mange folk har gjort før meg til å vidareutvikla eit fantastisk reiselivsprodukt med internasjonalt potensial, seier han.
Odd Helge Brugrand er utdanna statsvitar og journalist.
Han har jobba i VG, Aftenposten og NRK, var i fleire år utanriksreportar i Aust-Europa, og har gitt ut fleire bøker.