Her blir Europa Nostra-plaketten avduka av visedirektør Piet Jaspaert. (Bilde: Halvor Farsund Storvik)
Europa Nostra-visepresident Piet Jaspaert held tale under opninga.
EU-ambassadøren i Norge, Thierry Béchet, kasta òg glans over markeringa.
Den prestisjetunge plaketten har fått plass i Rimskjold, ved starten av Vindhellavegen.
Publikum hadde møtt opp i hopetal for å bivåne den historiske hendinga.
Ordførarane Vidar Eltun i Vang og Jan Geir Solheim i Lærdal poserer saman med fylkesordførar Jenny Følling.
Prosjektleiar for Kongevegen over Filefjell, Jan Adriansen, saman medvest regionvegsjef Helge Eidsnes i Statens vegvesen.
Sjå bilete

Kongevegen: Her avdukar dei EU-kulturminna sitt svar på Oscarprisen

Endeleg fekk Kongevegen det synlege beviset på at han offisielt kan rekne seg i «Hollywood»-klassen blant kulturminna.

Lærdal: I dag var det tid for den høgtidelege avdukinga av Europa Nostra-plaketten, som Kongevegen over Filefjell vart tildelt i mai. Til stades vart sjølvsagt ein stolt ordførar i Lærdal, Jan Geir Solheim.

– Dette er noko som får merksemd i heile Europa, så til neste år trur eg at ein stor del av vandrarane blir av heilt andre nasjonalitetar enn i år, seier han.

– Gjer oss veldig stolte

Han tykte det var stort å få besøk av ei rekkje prominente gjester, ikkje minst den norske EU-ambassadøren Thierry Béchet og sjølvaste visepresidenten i Europa Nostra, Piet Jaspaert.

– Det at dei stiller er opp fortel kva det prisen faktisk går ut på og korleis dei har vurdert Kongevegen opp mot alle andre flotte prosjekt i Europa, det gjer oss veldig stolte, seier Solheim.

Jan Adriansen i Statens vegvesen byrja å engasjere seg for Kongevegen i 2002, då arbeidet starta med å greie ut konsekvensane for E16 over Filefjell. Sidan vart han prosjektleiar for Kongevegen og i dag vart arbeidet krona.

– Det går ikkje an å bli noko større. Det er enormt mange som har lagt ned enormt mange timar i dette her, så eg føler vi får igjen med rentar no, seier han.

Visepresident trur på turistoppsving

Piet Jaspaert, visepresident i Europa Nostra, meiner lærdølene har noko dei stolt kan vise fram til turistar frå heile verda.

– Dette er heilt unikt, seier han, etter å ha fått sett Vindhellavegen for første gong i levande live.

Han trur den historiske ferdavegen vil merke ein enorm turistoppsving som følgje av tildelinga.

– Det gjer den kjent på eit nasjonalt og europeisk nivå. Det er ein slags Oscar de plutseleg har fått og det er noko både media og folk likar. Å få ein slik pris betyr masse gratis reklame.

Til toppen