ÉIN AV ÅTTE NOMINERTE: Kongevegen over Filefjell er ein av åtte nominerte anlegg til «Vakre vegars pris», som vegdirektøren deler ut kvart år. Foto: Arkiv.
ÉIN AV ÅTTE NOMINERTE: Kongevegen over Filefjell er ein av åtte nominerte anlegg til «Vakre vegars pris», som vegdirektøren deler ut kvart år. Foto: Arkiv.

Kongevegen hevdar seg heilt i toppen

Kongevegen over Filefjell er nominert til ein prestisjetung pris.

Kongevegen på Filefjell frå Sogn til Valdres er nominert til «Vakre vegars pris» som vegdirektøren deler ut annakvart år. 

Den prestisjetunge prisen vert delt ut til veganlegg med gode estetiske kvalitetar og som er tilpassa omgjevnadene. 

Kongevegen har gått heile vegen til finalen og kjempar no med sju andre prosjekt om å få prisen.

Det er ein jury på åtte personar som tidleg i september reiste land og strand på saumfaring etter dei beste kandidatane, og blant dei er altså Kongevegen.

Artikkelen held fram under biletet.

VAKKERT: Kongevegen byr på vakre konstruksjonar og solid handtverk.
VAKKERT: Kongevegen byr på vakre konstruksjonar og solid handtverk.

– Dei utvalde anlegga illustrerer breidden i det «Vakre vegars pris» eigentleg handlar om.

– Alle desse anlegga er heilheitleg utforma i forhold til omgjevnadene og fungerer godt med tanke på både miljø, trafikktryggleik, framommelegheit og teknologi. Dei burde fått prisar alle saman, seier juryleiar Ola Bettum frå Norske landskapsarkitekters forening (NLA) til Statens vegvesen sine sider.

Av rundt 30 føreslegne anlegg blei Kongevegen og sju andre anlegg vurdert som spesielt interessante for prisen. Dei sju andre som er nominert finn du i faktaboksen.

Heilt frå dei tidlegaste tider har fredsla mellom Austlandet og Vestlandet gått over Filefjell, og i 1793 stod Kongevegen klar og var den første køyrevegen mellom aust og vest.

Vegen er eit kulturminne med stor nasjonal verdi, og delar av han er med i Statens vegvesens Nasjonale verneplan.

Vinnaren av den prestisjetunge prisen vert kåra ilaupet av hausten. 

Til toppen