Lærdal: – Felles innsats i bedriftsnettverket gjer at me no kan lansera vårt eige turkart, seier dagleg leiar og prosjektleiar Odd Helge Brugrand i Kongevegen over Filefjell i ei pressemelding.
Kartet er laga av Magne Grihamar på Filefjellstuene. I tillegg til vandreruta, viser det parkering og doar, og andre vegar i området.
– Kartet er ei førsteutgåve. Me vil lytta til tilbakemeldingane frå vandrarane for å sjå om noko kan gjerast enda betre til andreutgåva, seier kongevegsjefen.
- Les óg: Kongevegen har fått ny sjef
Viser veg
Turvegen Kongevegen går frå Neset i Vang til Løytnantsbryggja på gamle Lærdalsøyri, men følger av ulike grunnar ikkje alltid den historiske kongevegruta. Turvegen Kongevegen går òg innom fylkesvegar og naturstiar.
– Kartet viser nøyaktig kvar Turvegen Kongevegen går. Saman med skiltinga langs vegen gjev dette kartet god sørvis til dei mange vandrarane på Kongevegen over Filefjell, seier Brugrand.