KONGEVEGEN: Kongevegstrekninga over Kvamskleive i Vang er med i ei av turpakkene.
KONGEVEGEN: Kongevegstrekninga over Kvamskleive i Vang er med i ei av turpakkene. (Foto: Sverre Hjørnevik)

Kongevegen ventar god sesong - rekordstore førehandstingingar

Fleire av bedriftene langs Kongevegen over Filefjell melder om rekord i tal førehandsbestillingar før 2019-sesongen. Det kjem fram i ei pressemelding.

Lærdal: For knappe to månader sidan sydde bedriftsnettverket for Kongevegen over Filefjell saman to turpakker. Odd Helge Brugrand, dagleg leiar i bedriftsnettverket for Kongevegen over Filefjell har all grunn til å vere nøgd med satsinga på turpakker. 

– Med tanke på den korte tida og dei små midlane me har til marknadsføring, er me godt nøgde. Pakkene er med på å fylle kapasiteten hjå bedriftene i Vang og Lærdal, seier Brugrand. 

Han melder om god trafikk på både sosiale medier og heimesida deira. 

Rekord fleire stadar

Den auka interessa merkast ute langs Kongevegen. På Maristova har fleire gått Kongevegen tidlegare enn før. Alt før snøen var vekke på høgfjellet kom større grupper gåande, fortel innehavar Knut Maristuen.

– Monaleg fleire kundar har bestilt opphald hjå oss i juni enn på mange år, seier Maristuen.

Ved Filefjellstuene er det også rekord.

– Me har aldri hatt så mange førehandstingingar for sommaren nokon gong, seier Magne Grihamar på Filefjellstuene.

Også Sanden pensjonat på Lærdalsøyri har fleire generelle førehandstingingar i år enn tidlegare. Ved Lærdal Ferie- og Fritidspark melder dei at storsesongen starta 1. juni.

– Denne sesongen blir minst like bra som i fjor, seier innehavar Even Aarethun.

Førehandstingingane gjeld alle type bestillingar, og ikkje berre vandrarar på Kongevegen. Men også turistinformasjonen på Tyinkrysset melder om stor oppsving i bruk og etterspørsel av Kongevegen så tidleg i sesongen.

– Majoriteten av dei som har vore innom oss, fortel at dei skal gå Kongevegen, seier dagleg leiar Leif Øyvind Solheimsli i Intersport Filefjell, som driv den offisielle turistinformasjonen i Vang.

Turpakker gjev vekst for bygdene

Bedriftsnettverket for Kongevegen over Filefjell har foreløpig lagt ut to versjonar av turpakka «Kongevegen Fjellpasset», som tek vandrarane opp austsida av Filefjell, over toppen ved Murklopphøgda og ned att på vestsida. Her vandrar folk frå overnattingstad til overnattingstad.

I pakka «Kongevegen Høgdepunkta» tek Kongevegbussen med seg vandrarar frå Lærdalsøyri til rundturane ved Vindhella og Galdane. I begge pakkene fraktar bedriftsnettverket bagasjen for gjestene.

VARSLAR GOD SESONG: Odd Helge Brugrand, dagleg leiar i bedriftsnettverket for Kongevegen over Filefjell. Her ved Vindhella i Lærdal. Foto: Per Åke Evjestad

– Sekken eller kofferten står klar på rommet når folk kjem fram, fortel Brugrand.

Rogn camping i Vang er ei av bedriftene som deltek i turpakkene.

– Pakker er eit nytt konsept for oss, så kvar pakkebestilling blir pluss i statistikken. Me har merka meir trafikk på Kongevegen i vår, og håpet er at turpakkene sler an. Det er positivt for alle, seier innehavar Nils Rogn.

Kongevegsjefen Odd Helge Brugrand seier at mykje besøk på Kongevegen har stor overrislingseffekt for næringslivet i regionen.

– Kongevegbedriftene melde om mellom 10 og 40 prosent vekst i 2017. Fleire av bedriftene melde om vidare vekst i 2018. Responsen på heimesida og i sosiale media i 2019 tyder at interessa ikkje avtek, seier Brugrand.

Til toppen