Konkurranse: Kva kyrkje er dette?

No har du sjansen til å vinne flakslodd til ein verdi av 100 kroner. 

  • Endret

Porten.no vil i samarbeid med ein ung, flink fotograf teste dine kjennskapar til plassar og landemerke i Indre Sogn. 

Kvar veke kjem eit nytt bilete – med ulike spørsmål knytt til kvart bilete.

Vinnarane vert trekt torsdagar klokka 12.00. Ny konkurranse kjem kvar laurdag.

Veit du svaret på det, sender det inn på e-post til konkurranse@porten.no. Vinnaren får flaxlodd til ein verdi av 100 kroner.

Sjuande spørsmål

Denne veka er spørsmålet: Kva kyrkje ser du på biletet?

Den som visste riktig svar på denne vekas konkurranse var Lars Erik Lunde. Han visste at dette var Kaupanger stavkyrkje. 

Sjette spørsmål

Denne veka er spørsmålet: Kvar står fotografen?

Den som visste det riktige svaret her var Tonje Larsen frå Øvre Årdal. Ho sendte inn det rette svaret, som var Stupetårnet ved Kaupanger gjestehamn.

Femte spørsmål

Denne veka var spørsmålet: Kvar er dette?

Det riktige svaret var på rasteplassen like etter Naddvik på veg inn mot Årdalstangen. Det visste mellom anna Ørjan Tørnes frå Årdalstangen, som vinn Flaxlodd til ein verdi av 100 kroner.

Fjerde spørsmål

Til denne veka var spørsmålet: Kvar ligg fotografen?

Det riktige svaret var i Motorikkparken i Lærdal. Det var det heile 50 personar som visste svaret på, og den som vann Flaxlodd var Rune Sanden frå Årdalstangen.

Tredje spørsmål

Til den tredje konkurransen var spørsmålet: Kvar er dette?

Det riktige svaret var Ofredalestunnelen i Årdal. Vinnaren vart Ole David Breistøl frå Borgund i Lærdal. Han vann fire Flax-lodd for 100 kroner. 

Andre spørsmål

Til den andre konkurransen var spørsmålet: Kvar står fotografen?

Det riktige svaret var Sjøkanten, badeplassen i Sogndal. Vinnaren vart Torstein Grøv. Han vann hårvoks frå Studio S. 

Første spørsmål

Til den første konkurransen var spørsmålet følgjande:

Kvar er dette biletet tatt? Altså, kvar står fotografen?

Det riktige svaret var det mange som visste, nemleg bryggja i Vikadalen. Vinnaren vart Vetle Beheim Fredheim frå Årdalstangen. 

Han får fire Flax-lodd til ein verdi av kroner 100,-.

Til toppen