VINN T-SKJORTE: Namn engasjerer, all erfaring seier òg at det er noko av det vanskelegaste å få til skikkeleg. Foto: ArmeniaWear.
VINN T-SKJORTE: Namn engasjerer, all erfaring seier òg at det er noko av det vanskelegaste å få til skikkeleg. Foto: ArmeniaWear.

Kva skal barnet heite?

Per Christian Grov frå Lærdal trur han har svaret.

Baleikdal: Sjølv om det er mykje ein eventuell ny storkommune må avklare, er det få ting som skapar så mykje engasjement som namnevalet. 

KAN BLI DIN: Per Christian Grov frå Lærdal har designa T-skjorta du no kan vinne.
KREATIV: Per Christian Grov frå Lærdal har designa ei T-skjorte han trur vil blir det nye moteplagget i Sogn.

Per Christian Grov frå Borgund er ein av dei som har kasta seg inn i debatten. Han er ein av sjefane bak Fres Festival, men jobbar til dagleg som grafisk designar og har i tillegg sin eigen nettbutikk.

Då kommunesamanslåinga var kjent pønska han kynisk nok ut ei T-skjorte med både nytt kommunevåpen og namn for å kapitulere på bølgja av interesse som no truleg vil komme.

– Eg har vel selt ti stykk. Så det blir det nye moteplagget i Sogn det der, seier Grov.

For han var det tanken på eit nytt kommunevåpen som trigga kreativiteten. Men han innser sjølvsagt at ein ny storkommune òg treng eit høveleg namn.  

– Eg likar mitt eige, Baleikdal, for det høyrest ut som ein rar plass. Elles er Sobale eitt av dei betre forslaga eg har høyrt, seier Grov.

Til toppen