DISTRIBUSJON: – For at dei delane av landet som ikkje har eit avisbodnett også skal få distribuert aviser, går staten inn og kjøper distribusjon av laurdagsaviser, seier samferdselsminister Ketil Solvik-Olsen (Frp), her fotografert under årskonferansen til NHO. Foto: Håkon Mosvold Larsen / NTB scanpix / NPK.

Konkurranse skal sikre distribusjon av laurdagsaviser

Som følgje av ny postlov er ikkje Posten Noreg lenger pliktige til å levere post laurdagar. No lyser Samferdselsdepartementet ut konkurranse om laurdagsdistribusjon av aviser i abonnement.

Årdal/Lærdal: – Det er viktig å sikre distribusjon av aviser på laurdagar i heile landet, uttaler samferdselsminister Ketil Solvik-Olsen (Frp) på nettsida til Samferdselsdepartementet.

85 prosent av landet er dekt av eit avisbodnett, Samferdselsdepartementet vil kjøpe avisdistribusjon til dei resterande 15 prosentane for å halde på distribusjonen av aviser på laurdagar over heile Noreg.

Målet er ifølgje departementet å inngå ein avtale innan 1. juli i år, med start for levering mellom 1. oktober 2016 og 7. januar 2017. Posten skal distribuere aviser i abonnement på laurdagar til fram til den nye avtalen startar. (©NPK)

Til toppen